PRIORITERAR HEIMFYLKET: Avtroppande fylkesordførar Jenny Følling (Sp) forsvarar at kommunane i Sogn og Fjordane blir tildelt verdifulle kraft-aksjar før ho inngår «ekteskap» med Hordaland i det nye Vestland fylke. Biletet er frå Byrkjelo. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Lovar hemn i bitter strid om nye «Vestland»: - Vi vil bruke den makta vi har
Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane reagerer på at politikarar i Hordaland lovar hemn etter at ho fordeler kraftmilliardar på eigne kommunar før fylkes-samanslåinga.
– Det høyrer ikkje heime nokon stad med varsling represaliar på grunn av dette. Det er allereie avtala med Hordaland fylkesting at fordelinga av aksjane i Sogn og Fjordane Energiverk skulle haldast utanfor samanslåinga eller leggast inn i eit fond, seier Følling til VG.
Bakgrunnen er at Hordaland-politikarane Pål Kårbø (KrF) og Terje Søviknes (Frp) har rasla med sablane etter at det vart kjend at fylkestinget i Sogn og Fjordane ville overføre 80 prosent av kraftaksjar for nær 2 milliardar kroner til kommunane i Sogn og Fjordane før sjølve bryllaupet med Hordaland i 2020.
Søviknes åpen om lykken – og den tunge saken
REFSAR FØLLING: Terje Søviknes kan bli den første fylkesordføraren i det nye Vestland fylke. Han blir i alle høve høgst truleg Frp sin kandidat. Foto: Line Møller, VG
– Når Sogn og Fjordane fylkesting skjer gjennom slik er det naturleg at me vil hugse dette i arbeidet vidare, seier Kårbø til NRK Sogn og Fjordane. Han er fylkesvaraordførar i Hordaland og var forhandlingsleiar for Hordaland om samanslåings-avtalen med naboane i nord.
Sjå video der Søviknes først snakka om ny Vestland-rolle:
Kårbø legg til at samarbeidet har fått eit skot for baugen før det det eigentleg har starta.
– Det er ikkje tomme truslar. Vi vil bruke den makta vi har, seier han til Bergens Tidende.
Berre velstand med Vestland framfor Vestlandet, meiner Mæland
Reaksjonar
Det skaper reaksjonar hjå den vordande ektefella i Sogn og Fjordane.
- Eg må be politikarane gå i seg sjølv. Eg ønskjer ein heilt annan politisk kultur, sa Følling si partifelle, Arnstein Menes i fylkestinget i Sogn og Fjordane onsdag med adresse til Kårbø og Søviknes.
HUGSAR GODT: Fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) i Hordaland seier han ikkje vil gløyme at Sogn og Fjordane tilgodeser eigne komunar med kraft-verdiar framfor å ta dei med seg inn i fylkes-ekteskapet. Foto: Ned Alley / NTB scanpix
Fylkesordførar Jenny Følling representerer Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Ho fekk i si tid mange både i heimfylket og i Senterpartiet til å løfte på augnebryna då ho sa seg samd i at fjordfylket burde slå seg saman med nabo Hordaland i sør.
Sjå innslag frå Søviknes sin siste dag som statsråd:
For Følling har ein av føresetnadene vore at den delen av det nye Vestland-fylket som har tilhøyrt Sogn og Fjordane - framleis får hand om dei store kraftverdiane frå Sogn og Fjordane Energi (SFE).
Å Vestland, Vestland!
– Denne saka bør ikkje skape problem i forholdet mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. For det første er det semje om at Sogn og Fjordane fylkesting kan avgjere eigarskapen i SFE – før 2020. For det andre er det utvilsamt slik at Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ha ein langt betre økonomi enn Hordaland enno, understreka Følling i fylketinget tysdag.
Flertall for regionreformen – Troms og Finnmark slås sammen med tvang
– Ikkje spelt med opne kort
Frp sin ordførarkandidat i Hordaland, tidlegare statsråd Terje Søviknes, veit ikkje om han skal le eller gråte av Følling si haldning.
– Dei to fylka vart samde om at desse kraftaksjane skulle setjast i eit fond der avkastninga kunne gå til den geografiske delen av det nye Vestland fylke som har tilhøyrt Sogn og Fjordane. Men det vart aldri sagt noko om at desse verdiane skulle fordelast på kommunane i Sogn og Fjordane, minner Søviknes om.
– Her har ikkje Jenny Følling og co. spelt med opne kort. Det er trist, legg han til.
Høyre-Topp: Støre har satt hele regionreformen på spill
KRAFTVERK: Her blir kraft-verdiane skapt: Biletet viser Øvre Markevatn vatnkraftverk i Askvoll i Sogn og Fjordane. Kraftverket ligg ved Øyravatnet og utnyttar fallet frå Markavatnet. Foto: Sogn og Fjordane Energi
– Du har inga forståing for at Sogn og Fjordane som er i betre økonomisk stand enn Hordaland, er redd for å miste arvesølvet sitt?
– Det er rett at det er ein skilnad i formueverdi og gjeldstyngde på dei to fylka. Men du må ikkje gløyme at sjølve målet med avtalen om samanslåing er ein ny fylkeskommune. At den eine parten i siste runde før ekteskapet skal inngåast gir bort desse verdiane, det er ein tillitssvikt frå den eine parten, svarar Søviknes.
Ingen god start på ekteskapet
Han har saman med kolleger i Hordaland samanlikna grepet frå Sogn og Fjordane med eit komande ekteskap der den eine parten gjev bort store delar av formuen rett før ein går opp kyrkjegolvet.
– Det er slett ikkje nokon god start på eit langt og lukkeleg ekteskap, seier Søviknes som no er attende som ordførar i Os kommune i Hordaland etter ein periode som olje- og energiminister.
Han blir høgst truleg Framstegspartiet sin kandidat til rollen som historias første fylkesordførar for Vestland fylke.
Les også
Stormen i gang på Vestlandet – farevarsel gult nivå
Stormen som er varslet i kveld og i natt er allerede i gang i Rogaland.Kaoset rundt regionreformen
Arbeidet med å slå sammen norske fylker til større regioner må være noe av det sletteste politiske håndverket på lang…Eksperter reagerer på at regjeringen vil innføre nye fylkesnavn uten høring
Juridiske eksperter sier regjeringen bryter loven når den dropper høringsrunden og sender saken om nye fylkesnavn…SANNA SARROMAA: Nynorsken: Norges helligste ku
Det finnes to fullstendig gjensidig forståelige målformer i Norge. De er så like at man ikke engang kan kalle dem for…
Her kan du lese mer om
Flere artikler
Fylket blir lagt ned om eitt år - no utvidast fylkestingssalen for 12 mill.
Uværet tar strømmen og stenger fjelloverganger
Flomtoppen trolig nådd: Advarer evakuerte mot å vende hjem
Nytt styrtregn og storm på Vestlandet denne helgen
«Atmosfærisk elv» av nedbør treffer Vestlandet – kan få over 110 millimeter regn tirsdag
Fra andre aviser
– Jeg opplever dette som en fiendtlig handling
Bergens Tidende
Eg kjem frå Sogn og Fjordane, ikkje «Vestland»
Aftenposten
Samanslåingskrakket
Bergens Tidende
Gir opp kampen om kraftmilliardene
Bergens Tidende
– Dette vil bli husket
Bergens Tidende
Sogn og Fjordane Senterparti er i ferd med å drible seg sjølv vekk frå makta.
Bergens Tidende