NYNORSK-ANSVARET: Både kulturminister Trine Skei Grande (V) og kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) har ansvar for å ivareta nynorsk i sine departement. På biletet er dei på veg inn til ein av dei årvisse middagane Kongehuset held for Storting og regjering. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Nynorsk-blemme frå departement med nynorsk-ansvar

Sett uttrykket hovudinsteling før? Neppe. No legg departementet med ansvar for norskopplæring seg langflate etter nynorsk-blemma.

Det var i ei pressemelding sist onsdag at det gjekk i ball med nynorsken for Kunnskapsdepartementet (KD):

Tysdag 17. desember får statsråd Sanner hovudinsteling frå det offentlege utpeika Liedutvalet. Rapporten tek for seg styrkar og svakheitar ved dagens organisering av den vidaregåande opplæringa både innanfor dei studieførebuande- og dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Utvalet kjem også med ein rekke tiltak, mellom anna at retten til vidaregåande opplæring bør utvidast til ein fullføringsrett, skriv departementet, som gjer fire feil allereie i innleiinga på meldinga (utheva).

les også

Sanner: Styrker sidemålet i nye læreplaner - Mållaget: Feil

Fagdirektør Åsmund Eide i kommunikasjonsavdelinga i KD, er ikkje synleg stolt av nynorsk-formidlinga.

– Her er det berre å legge seg heilt flat. Dette er ikkje godt nok. Vi skal sjølvsagt skrive like korrekt på nynorsk som på bokmål, skriv Eide til utdanningsavisa Khrono som hadde saka først.

Eide utdjupar til VG korleis departementet som har ansvar for nynorsk og sidemål i skulen ivaretek dette.

Pressemeldinga

PRESSEMELDINGA: Dette er pressemeldinga som vart send ut frå Kunnskapsdepartementet. Foto: Faksimile

– Vi jobbar med å betre kompetansen i nynorsk for våre tilsette. Dessutan skal vi halde nynorsk-prosenten på 25 – slik alle departementa skal, seier Åsmund Eide.

Han er samd med dei som hevdar at Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar for å skrive korrekt nynorsk, som språkforvaltar i skule og utdanning.

les også

Høyretopp: Vil slå sammen norsk-karakterer som gutte-tiltak

– Må det betre kvalitetssikring til neste gong departementet sender ut noko på nynorsk?

– Ja, det vil det bli. Seinast i haust har vi hatt kurs i nynorsk for våre tilsette i regi av Språkrådet. Vi har også nytta det vi kallar nynorsk-kompisar departementet, altså folk som skriv på nynorsk til dagleg, som les i gjennom andre sine tekstar, svarar Eide.

– Tyder den siste språk-blemma på at de nedprioriterer nynorsk?

– Nei, det vil eg avvise. Vi jobbar med nynorsk heile tida og skal ha ytterlegare kursing i 2020. Så dette skal bli betre, svarar fagdirektør Åsmund Eide i Kunnskapsdepartementet.

les også

Staten ikkje i mål med mål-mål

Professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen, Gunnstein Akselberg, meiner språkfeila i pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet er alvorlege.

– Burde skamma seg noko

– Her har truleg både ei negativ haldning til- og ei språkleg likesæle overfor nynorsk i departementet vore styrande. Departementet burde nok skamma seg noko, skriv Akselberg til Khrono i ein e-post.

Akselberg er kanskje best kjend som fast språk-ekspert i NRK-programmet «Eides språksjov» med Linda Eide.

For ordens skuld; her rettingane av dei fire feila:

  • hovedinsteling skal vere hovudtilråding eller framlegg.
  • det offentlege utpeika skal vere det offentleg utpeika osv.
  • svakheitar skal vere svakheiter i ubestemt form fleirtal.
  • ein rekke tiltak skal vere ei rekke tiltak (ei rekke el. rekkje er hokjønn.)

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder