To tusen i pride-parade på bygda

  • Espen André Breivik
Publisert: Oppdatert: 12.05.18 07:35

Del saken på:

Lenken er kopiert
INNENRIKS

- La oss slå det fast: Bygda er for alle!


- Dette er det største hamskifte nokon sinne, sa ein stolt ordførar. Tusenvis gjekk fredag i Norges første Bygdepride-parade i Volda, deriblant kulturminister Trine Skei Grande og landbruksminister Jon Georg Dale.

Ifølgje arrangørane var det over to tusen i «homoparaden», og like mange tilskodarar som tok til gatene i Volda fredag for å markere at bygda er open og tolerant, også for ulike legningar. Blant dei var landbruksminister Jon Georg Dale (Frp), som sjølv er frå Volda.

- La oss slå det fast med ein gong, bygda er for alle. Takk til dere som viser folk over heile landet at det er mogleg å bu på bygda, og samtidig vere den ein er, sa Dale i sin tale etter paraden.

Glad for utviklinga

Han innrømmer samtidig at han sjølv har endra sitt syn, og at partiet han representerer ikkje har stått fremst i homokampen.

- For 15 år sidan hadde eg nok aldri trudd at eg nokon gong kom til å gå i ei Pride-parade, eg hadde heller aldri trudd at dette ville skje i Volda, men no fekk vi det til. Også Frp har utvikla seg i dette spørsmålet, noko eg er glad for, seier han.

Kulturminister Trine Skei Grande (V) var svært begeistra over det store oppmøtet, der 50 ulike lag og organisasjonar deltok.

- Dette viser at bygda er meir tolerant enn mange gir inntrykk av, seier ho.

Forbanna på motdemonstrasjon

To veker før paraden arrangerte meinigheita Nytt Livs Senter «Jesus-marsj» i Volda og Ørsta, som ein motreaksjon til planane. Pastor i meinigheita, Hans Reite, har markert seg som ein homokritikar i bygda, og blant anna skrive at å leve som homofil er synd og motbydeleg for Gud. Landbruksministeren benytta si taletid til å takke pastoren for hans engasjement.

- Det var du som fekk meg tilstrekkeleg forbanna til å gjere det eg burde gjort for lenge sidan, nemleg å stå opp mot dei som set seg til doms over dei som er annleis enn oss sjølve. I dag har vi gitt eit godt svar på dette, og vist bygda frå si beste side, sa han frå talarstolen til trampeklapp og jubel frå salen.

Også stortingsrepresentant frå SV, Nicholas Wilkinson, gjekk til angrep på desse kreftene i sin tale.

- I møte med dei konservative kreftene seier vi no at nok er nok. Vi er samla for å strekke ut ei hand til alle som veks opp som skeiv i distrikta. Vi er mange, vi er sterke og vi har ikkje tenkt å forsvinne, sa han. Han benytta samtidig høvet til å takke sokneprestane som har stått opp mot meinigheita.

Kulturministeren la i sin tale vekt på at den Guden ho kjenner set kjærleiken først.

Pastor Hans Reite er på reise i Israel og har ikkje svart på VGs førespurnader.

– No er det 500 år sidan Luther hengte opp tesene. No treng vi ein ny reformasjon. Kyrkja har gitt etter for den nye homolovgivinga. Det er alvorleg når ein går imot Guds ord, har han tidlegare sagt om saka til NRK.

Hamskifte i bygda

Ordførar i Volda, Jørgen Amdam (Ap), kalla paraden for ei vekking og det største hamskiftet i Volda nokon gong. Han tok også til ordet for å ynskje homofile som har flytta frå bygda, velkomne tilbake.

- Her ser vi på kvarandre som likeverdige menneske, ikkje kategoriar. Vi har ikkje råd til at nokon flyttar herifrå på grunn av kven ein er, sa han.

Anbjørn Steinholm Frislid (22) er leiar i Ørsta/Volda Pride og sto bak ideen om ei homoparade gjennom gatene i Volda. Han er mållaus over det store oppmøtet.
- Eg har nesten ikkje ord. Det starta som ein moro ide, vi rekna kanskje med hundre personar som kom til å gå, men dette vert eg heilt satt ut av. Han oppfordrar andre bygder til å følgje etter.

- Dersom vi klarer å snu inntrykket av at det ikkje går an å vere skeiv på bygda, så har vi oppnådd det vi ville, seier han.