SKULEDAG PÅ ISEN: Thomas (11) sin nærmaste skule er nedlagt. Men han trivast på vesle Folkestad skule også. Dagen før beslutta skuleleiinga at tysdagen blir det skøytedag på Folkestadvatnet.
SKULEDAG PÅ ISEN: Thomas (11) sin nærmaste skule er nedlagt. Men han trivast på vesle Folkestad skule også. Dagen før beslutta skuleleiinga at tysdagen blir det skøytedag på Folkestadvatnet. Foto: Edvard Ertesvåg

Skule-nedlegging: 20 skular forsvann i Ivar Aasen-land

INNENRIKS

VOLDA/ØRSTA (VG) Nynorskmannen Ivar Aasen var fødd i Ørsta og lærar i Volda. Han hadde truleg snudd seg i grava dersom han fekk vite at 20 skular i nabo-kommunane er lagt ned sidan 1986.

Publisert:

Kjem du køyrande på gamle E39 frå Nordfjordeid mot Volda på Sunnmøre ein vanleg kvardag, vil du oppdage tre store skulebygningar. Alle er dørgande tause og utan elevar.

Dersom du i tillegg freistar finne gamle Steinsvik skule inst i Voldsfjorden, vil du leite nyttelaust. Skulen er riven, jamna med jorda og avløyst av ein stor parkeringsplass for fiskerigiganten Marine Harvest.

No er rektor Tom Erik Bogen på Folkestad skule oppteken av at den siste attlevande grendeskulen på vestsida av fjorden, får leve vidare.

Las du denne? Sp-Trygve lovar strategi for å hjelpe småskular

Vinterveret er for ein sjeldan gong framifrå. Sola skin og skyt stikkande strålar ned i spegel-isen på Folkestadvatnet. Ute på det frosne vatnet er det fire-fem kuldegrader og fleire tital skuleelevar. Dei fleste går på skøyter. Den vesle lærarstaben har snudd seg rundt dagen i førevegen og bestemt at heile skulen skal på skeisedag høgt over den vesle bygda.

Les også: Uroa for skulestress

Men idyllen har ei bakside. Også Folkestad skule lever no utrygt med synkande elevtal og aukande lånegjeld for vertskommunen Volda.

Rådmannen har føreslege at politikarane kuttar der dei kan. Eit av forslaga hans er å flytte ungdomsskuleelevane frå både Folkestad skule og dei attverande grendeskulane - inn til skulen i Volda sentrum.

– Sist vart forslaget om nedlegging stogga i komunestyret. No er det lagt fram på nytt, konstaterer rektor Bogen.

Han må vere lojal mot rådmannen og politikarane sine beslutningar. Men løyner ikkje at det er vanskeleg.

Lundteigen: Sp har medansvar for skulenedlegging

Oppvekstsjefen seier han synest det er krevjande å legge ned skular. Han likar ikkje at born må reise langt for å gå på skule. Per Ivar Kongsvik, som sjølv er volding, likar heller ikkje å sjå tomme skulebygningar.

– Det gjer meg litt trist å sjå nedlagde skular berre stå der med attgrodde ballplassar, seier han til VG.

Kjensler og gode minne strekkjer likevel ikkje til mot stram kommuneøkonomi, større læringsmiljø, fråflytting samt moderne bilar og vegsamband som kortar ned avstanden mellom skulane.

Såg du denne? Born og unge droppar dialekt

– Det meste av nedleggingane skuldast nok økonomi. Etter at inntektssystemet for kommunane vart lagt om i 1986, kom det ei bølgje med nedleggingar av småskular i heile landet. Samstundes aukar sentraliseringa. Nesten alle skulekrinsar opplevde fråflytting og færre ungar, forklarar Kongsvik.

Han trur likevel det veg opp for noko av tida på skulebussen at elevane får vere ein del av eit større læringsmiljø.

VG-kommentator Meland: Vondt å sende ungane langt med buss

Eleven Thomas (11) er den siste som forlet isen på Folkestadvatnet. Den eigentlege nærskulen hans heime i Straumsbygd lenger ute i fjorden, er lagt ned. No kan det hende at også ungdomstrinnet på Folkestad står for tur. Han likar det ikkje.

– No er det berre eit litt slite grendehus og ein ballbinge att av skulen i Straumshamn. Men eg trivst godt på Folkestad skule. So får eg håpe eg slepp å ta ferja til Volda då eg skal ta til ungdomsskulen, seier 11-åringen til VG.

På kommunehuset i sentrum på andre sida av fjorden, sit ein av dei som serverer politikarane beslutningar.

– Nokre elevar får lengre skuleveg for kvar skule som blir lagt ned, oppvekstsjef?

– Vi har krevjande avstandar i kommunen vår. Sjølvsagt kjem det framleis elevar frå krikar og krokar i bygdene. Skulebussane går helle ikkje strake vegen til skulen, men må innom både her og der for å få med seg elevane. Dette kjenner eg ein del på. Vi vil ikkje ha for lange reisevegar for små elevar, seier oppvekstsjefen.

I nabokommunen Ørsta tronar Stein Aam (Sp) på ordførarkontoret.

I hans kommune er det lagt ned heile 12 skular dei siste 30 åra. Mange av dei i periodar med Sp-ordførar.

– Ja, det er særs vanskeleg for meg som Sp-ordførar. For det er ikkje til å kome forbi at fråflytting og sentralisering fører til mindre behov for eigne skular i nokre bygder. Men nokre av desse skulane burde ha vore redda frå nedlegging. I desse døma viser det seg at kommunen ikkje har spart noko som helst på nedlegging, seier Aam.

I minst 12 av åra med skulenedleggingar har Sp hatt ordføraren i Ørsta, så Aam ser ingen grunn til å slå seg på brystet - sjølv om han no ikkje ser føre seg fleire nedleggingar framover.

Hadde det derimot vorte kommunesamanslåing med Volda, er Sp-mannen sikker på at enno fleire skular hadde blitt fjerna. Aam ser på framleis sjølvstende for Ørsta som ein siger.

Uansett har både han og naboane i Volda måtte sende fleire og fleire elevar med skulebuss.

Fleire av dei nedlagte skulane fungerer som grendehus. Grendelag og foreiningar held juletrefest, basar eller andre samkomer der.

Vi køyrer ned att til Folkestad og nokre fleire kilometer innetter fjorden. Nedanfor vegen ligger enno et skulebygg utan elevar. Ballplassen er delvis attgrodd og skrikande tom for skuleelevar.

No er nedlagte Dalsbygda skule kjøpt av KraftLaks as. Oppdrettsverksemda har skifta kledning på bygget, og pussar opp den gamle skulen til andre føremål.

– På smoltanlegget vårt må vi ha ei vaktordning. Nå lagar vi eit husvære i den gamle skulen, slik at våre tilsette som bur for langt borte med omsyn til vakta, kan nytte dette, fortel dagleg leiar Knut Endre Heltne i KraftLaks til VG.

Han synest det er trist at skulen er nedlagt. Heller ikkje nokon nærbutikk er att i grenda, medan her var to butikkar tidlegare.

Heltne peikar oppover i lia der ein dominerande fabrikk vitnar om ein tidlegare gullalder innan sunnmørsk møbelproduksjon. No er det stille også der.

Tidlegare jobba Heltne enno nokre kilometer innover i fjorden, der Steinsvik ein gong var eit pulserande lokalsamfunn. Også der er den arkitekt-teikna skulen nedlagt.

Bygningen er riven og jamna med jorda - under asfalten på parkeringsplassen til Marine Harvest sitt nye storanlegg i bygda.

– Det er så deprimerande og sjå, seier mangeårig lokalpolitikar og Steinsvik-entusiast Knut Steinsvik (65).

– Men det er vel ein trend i tida med all denne sentraliseringa, legg han til. Steinsvik freista lenge å redde skulen frå nedlegging. Men måtte gje tapt. Han også.

Her kan du lese mer om