STRIDENS KJERNE Hans Geelmuydens (t.h.) kalla Umar Ashraf (t.v.) ein «autoritær ekstremist» og sa at han måtte læra seg «vestlege verdiar». Han har sidan beklaga offentleg og direkte til Ashraf. Foto: Therese Nordhus Lien / Norsk Folkehjelp / Trond Solberg, VG

Ikea avsluttar samarbeidet med Geelmuyden Kiese

Ikea Norge har bestemt seg for å avslutta samarbeidet med PR-byrået Geelmuyden Kiese. Utsegna til Hans Geelmuyden er blant årsakene.

  • Sindre Camilo Lode

– Me har hatt eit mangeårig samarbeid med GK og fleire av dei dyktige medarbeidarane der i form av ein rammeavtale. Den vel me nå å avslutta, med ein oppseiingsperiode på tre månadar slik kontrakten seier, skriv kommunikassjonssjef i Ikea Helene Løken i ein e-post til VG.

Det var Dagens Næringsliv som først omtalte saka.

– Utsegna til Hans Geelmuyden har vore ei medverkande årsak til me avsluttar samarbeidet akkurat nå, skriv ho Løken i e-posten til VG.

– For Ikea ser me likeverd, mangfald og inkludering som det einaste rette. Dette ligg djupt rotfesta i verdiane våre og måten me jobbar på.

Løken skriv vidare i e-posten at «verda og varehandelen er annleis nå enn då me gjekk inn i samarbeidet for mange år sidan, og det er naturleg for oss å ta eit steg vidare og finna nye byrå og nye måtar å jobba på».

Oppseiinga skjer i kjølvatnet av omstridde utsegn frå PR-eksperten Hans Geelmuyden knytte til ein debatt om mangfald i kommunikasjonsbransjen.

I ein Facebook-tråd først omtalt av Kampanje kalla Gellmuyden kommunikasjonsrådgivar Umar Ashraf for ein “autoritær ekstremist” og vidare at Ashraf måtte læra seg “vestlege verdiar og ikkje misbruka dei”.

Også LO har avslutta samarbeidet med PR-byrået etter dette.

Geelmuyden har beklaga utsegna. Han seier han synest det er beklageleg at Ikea avsluttar samarbeidet.

– Det synest eg er svært beklageleg. Me har samarbeida med Ikea sidan 1998 og oppnådd gode resultat saman, seier Geelmuyden i ein e-post til DN.

Les også

  1. Hans Geelmuyden ba bransjekollega lære seg «vestlige verdier»: Flere kunder tar avstand

    Flere kunder reagerer på PR-nestor Hans Geelmuydens uttalelser i en debatt om mangfold.

Mer om

  1. Geelmuyden Kiese
  2. Ikea
  3. Næringsliv
  4. PR-bransjen

Flere artikler

  1. Hans Geelmuyden erkjenner rasistiske kommentarer – Umar Ashraf roser beklagelsen

  2. Hans Geelmuyden ba bransjekollega lære seg «vestlige verdier»: Flere kunder tar avstand

  3. Pluss content

    Hans Geelmuyden: – Folk som ikke mener noe, er idioter

  4. Geelmuydens modige erkjennelse

  5. Trump-bok stoppa av dommar

Fra andre aviser

  1. Ikea avsluttar samarbeidet med Geelmuyden Kiese

    Aftenposten
  2. Hans Geelmuyden erkjenner rasistiske kommentarer – Umar Ashraf roser beklagelsen

    Bergens Tidende
  3. Hans Geelmuyden går av som toppsjef i Geelmuyden Kiese

    Bergens Tidende
  4. Åpner for å selge Geelmuyden Kiese

    Bergens Tidende
  5. LO kutter prosjekt med Geelmuyden Kiese

    Bergens Tidende
  6. Åpner for å selge Geelmuyden Kiese

    Aftenposten

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder