KLEM: Anna Sofia Marin (17) og Herman Perea (18) frå Spania gir kverandre ein klem. Dei er nære vennar og seier det er fint å få og gi ein klem. Foto: Helge Mikalsen, VG

Nakstad meir restriktiv enn FHI – åtvarar mot klemming

Fredag sa FHI til VG at ein kan klemma nære vennar. Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad åtvarar nå mot å klemma fleire enn éin person i tillegg til dei du bur med.

  • Sindre Camilo Lode
  • Helge Mikalsen (foto)

Artikkelen er over 32 dager gammel, myndighetenes råd angående coronasmitten kan derfor være utdaterte. Du kan alltid holde deg oppdatert i vår spesial, eller gjennom FHIs nettsider.

I ein e-post til VG torsdag kveld skriv assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad:

– Dei felles råda til Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttets er framleis at klemming bør bli avgrensa til dei ein bur saman med.

Nakstad skriv vidare at det er greitt å klemma, men berre éin person:

– I tillegg kan ein klemma sin beste venn eller kjærasten sin, men ingen andre.

Nakstad understrekar i e-posten at det framleis er slik at ein bør halda avstand på minst éin meter til andre.

Han skriv også at ein ikkje bør vera meir enn 20 personar på same stad i sosiale samanhengar.

ÅTVARING: Espen Rostrup Nakstad i Helsedirektoratet seier at det ikkje er nye klemmeråd. Foto: Krister Sørbø, VG

les også

Nakstad slår alarm: Bekymrer seg over at folk holder mindre avstand

Kom med presisering

Tidleg torsdag ettermiddag sa overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet at han tenkte det er greitt å klemma nære vennar nå som smittetalet er så lågt.

Folkehelseinstituttet kom seinare på dagen med ei presisering av rådet, der dei blant anna skreiv:

«Ei viktig presisering! Dette er ikkje noko nytt råd frå FHI. Me meiner ikkje det er greitt at me klemmer alle – ei heller alle vennar.

Are Stuwitz Berg har ikkje sagt eller meint at det blir opna for klemming med alle vennar.

Han har sagt at ein kan klemma sine nærmaste slik me har sagt ei stund allereie»

Folkehelseinstituttet presiserer også i ein e-post til VG at dette er råda som gjeld.

Les også

  1. FHI: Du kan klemme gode venner

    FHI sier fredag at vi kan gi gode venner en klem, men ikke til hvem som helst.
  2. Regjeringen snur: Nå skal alle svenske helsearbeidere bli testet to ganger

    To svenske helsearbeidere som testet positivt for coronaviruset ble ikke testet i forkant av jobb-oppstart i Norge.
  3. Bekymret for skjult spredning ved utesteder

    Folkehelseinstituttet frykter at coronasmittede personer uten symptomer kan bidra til massesmitte på skjenkesteder.

Mer om

  1. Espen Nakstad
  2. Folkehelseinstituttet
  3. Helsedirektoratet
  4. Coronaviruset

Flere artikler

  1. Full klemmeforvirring

  2. Åtvarar mot klemming

  3. Full forvirring om coronareglene

  4. Helsedirektoratet: Sannsynlig med karantene for reisende fra Spania

  5. Nakstad innrømmer: Pressemeldingen var ikke riktig

Fra andre aviser

  1. Nakstad advarer mot å klemme mange

    Aftenposten
  2. Ingen koronadødsfall i Norge i uke 27

    Aftenposten
  3. Regjeringen åpner for reiser til syv regioner i Sverige

    Bergens Tidende
  4. Dette må du huske når du skal arrangere fest i sommer

    Fædrelandsvennen
  5. Nakstad: Ikke nødvendig med karantene etter demonstrasjonsdeltakelse

    Bergens Tidende
  6. Alexander Heggland (41) døde etter ha fått påvist koronavirus

    Aftenposten

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder