TILTAK: Smitteverntiltak i Kristiansand dyrepark under ei Kaptein Sabeltann-førestilling på dagtid. Foto: Naina Helén Jåma / Naina Helén Jåma, VG

Ferieparkane har redusert kapasiteten i sommar – slepper likevel inn fleire tusen kvar dag

Fleire av dei store ferieparkane i Noreg slepper inn tusenvis av folk dagleg. Helsedirektoratet meiner det går fint, så lenge dei har kontroll på smittevernet.

  • Sindre Camilo Lode

Artikkelen er over 70 dager gammel, myndighetenes råd angående coronasmitten kan derfor være utdaterte. Du kan alltid holde deg oppdatert i vår spesial, eller gjennom FHIs nettsider.

Etter at fleire lesarar melde om lange og tette køar i forskjellige ferieparkar førre veke, har VG undersøkt kor mange besøkande dei store parkane tar inn kvar dag.

Samtlege av parkane VG har vore i kontakt med, melder om at dei har redusert talet på besøkande kraftig samanlikna med ein vanleg sesong.

Likevel slepper dei inn mange tusen dagleg.

Talet på besøkande varierer frå park til park, og dei forskjellige parkane må ha godkjenning av kommuneoverlege for å ta inn talet dei tar inn.

Sjå lenger nede kva Helsedirektoratet meiner om tala på besøkande.

DYREPARKEN: Ei stranda skute i Kristiansand dyrepark. Foto: Naina Helén Jåma / Naina Helén Jåma, VG

Slepper inn 10.000 dagleg

Parken som slepper inn aller flest denne sommaren, er Kristiansand dyrepark.

Administrerande direktør Per Arnstein Aamot i Dyreparken skriv i ein e-post til VG at dei slepper inn rundt 10.000 besøkande kvar dag.

Det er langt fleire enn dei andre parkane VG har snakka med, og Aamot seier at talet berre gjeld for dagtid i Dyreparken. Det vil seia at dei kjende Kaptein Sabeltann-førestillingane, Badelandet og Sirkus Jesper ikkje er medrekna i dei 10.000.

Talet er likevel kraftig redusert frå toppane ein vanleg sesong, då dei tar inn mellom 15- og 16.000 besøkande dagleg, opplyser Aamot.

Parken opererer også med eit tak på 8000 besøkande samtidig. For å få til det, har dei utvida opningstidene med tre timar og spreier dei besøkande ut over dagen, skriv Aamot.

Han trur ikkje at dei kjem til å auka nivået noko særleg i tida som kjem.

les også

Vurderer du utenlandstur? Dette bør du tenke på

Pluss content

Har halvert besøkstal

Tusenfryd utfor Oslo var ein av parkane VG skreiv om førre veke. Parken har i ettertid av artikkelen gjort endringar for å unngå så stor trengsel som lesarar tipsa om.

VASSPRUT: Vatnet sprutar rundt ein båt i ein av attraksjonane i Tusenfryd i 2018. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I ein e-post til VG, skriv marknadssjef Erik Røhne Andersen at dei nå slepper inn rundt 3000 besøkande dagleg, noko som er godt under halvparten av det dei vanlegvis gjer om sommaren.

Ifølge Andersen har parken hatt ein nedgang i talet på besøkande på nesten 50 prosent samanlikna med same periode i fjor. Han presiserer også at det var mykje regn i den same perioden i fjor.

– Nye tiltak mot kø på enkelte attraksjonar og for at gjestar skal halda kravet om avstand, viser seg å gi positive resultat, skriv Andersen i ei melding til VG onsdag.

IL TEMPO: Ein berg- og dalbanetur i Hunderfossen familiepark i 2014. Foto: Hunderfossen familiepark

Hunderfossen familiepark har redusert kapasiteten endå meir enn Tusenfryd og Dyreparken.

Dei slepper berre inn 35 prosent av det dei vanlegvis ville ha gjort, ifølge konsernsjef Per Arne Slapø. Han seier til VG at dei har eit tak på 3500 besøkande dagleg.

Slapø seier vidare at dei har merkbart færre gjestar i år enn i fjor, grunna restriksjonane på billettsalet.

– Det er høgst uvanleg at me må seia nei til gjestar som vil komma til oss. Det er ikkje noko gøy, men slik er det i år, seier Slapø.

les også

Gorilla testet for coronavirus

Bø Sommarland vil ikkje seie kva taket deira er på nå, men ifølge dagleg leiar Rene Langeveld Sas har dei auka besøkstalet noko den siste tida frå starten då taket var 1500 besøkande. Han seier at parken har under ein fjerdedel besøkande samanlikna med toppdagane dei har i ein god sesong.

Parkdirektør Kees Ekeli i Bjørneparken i Flå sa førre veke til VG at dei slepper inn opp mot 1750 gjester kvar dag.

MAGASUG: Den bratte sklia «Magasuget» i Bø Sommarland i 2012. Foto: Alf Øystein Støtvig

– Ikkje same krav som andre arrangement

På spørsmål om kvifor det er greitt at parkar kan ha fleire tusen besøkande dagleg, mens andre arrangement framleis må halda seg til regelen om 200, svarer assisterande helsedirektør Espen Nakstad:

– De fleste ferieparkar har store friareal og gode køsystem ved attraksjonar som sikrar at besøkande held minst ein meter avstand. Parkane har derfor ikkje same krav til maksimalt tal på besøkande som kultur- og idrettsarrangement, skriv han i ein e-post til VG.

Han presiserer også kor mange personar som kan vera i parkane utan at smittevernet blir for dårleg, er i stor grad avhengig av rutinane som er etablerte i parken og storleiken til parken.

– Kor sikkert er det at parkane ikkje blir høgrisikosoner for smittespreiing nå når utanlandske turistar frå område med høgare smitte enn Noreg kan besøka dei?

– Utanlandske turistar må følga same smittevernreglar som norske gjestar når dei er på besøk i ferieparkane, skriv Nakstad.

Les også

  1. Regjeringen med nye reiseråd: Nå kan du reise uten karantene til disse landene

    Fra og med 15. juli kan du igjen reise til flere europeiske land uten å sitte i karantene når du kommer hjem.
  2. Lange og tette køer i fornøyelsesparker – mange reagerer på smittevernet

    Fornøyelsesparker er åpne for folk i sommer. Nå reagerer flere besøkende på smittesituasjonen og det de sier er veldig…

Mer om

  1. Coronaviruset
  2. Hunderfossen
  3. Kristiansand Dyrepark
  4. Tusenfryd
  5. Fornøyelsesparker

Flere artikler

  1. Her er nyhetene i familieparkene

  2. Elever over hele landet hyller lærerne sine

  3. Nye reiseråd fra i dag: – Vi har fire ulike reiseforsikringer

  4. Fortsatt strenge besøksregler ved sykehjem: – Bør legge til rette for besøk

  5. Nær dobling i akutte selvmordssamtaler denne sommeren

Fra andre aviser

  1. Pågangen knuser fjoråret. Likevel blir det ingen drømmesommer for fornøyelsesparkene.

    Bergens Tidende
  2. Stor pågang, men lavere inntekter ved feriemålene i Norge

    Aftenposten
  3. Helsedirektoratet: Forstår frustrasjonen, sier fortsatt nei til Sabeltann

    Fædrelandsvennen
  4. Rygr er eitt av 50 bryggeri i ny turistsatsing

    Aftenposten
  5. Terje Formoe tildelt Kristiansand kommunes kulturpris: – Jeg har sjelden blitt sånn satt ut

    Fædrelandsvennen
  6. Arbeidsledigheten i Storbritannia har gått opp 2,2 prosent: Vil fortsette å øke

    Aftenposten

VG Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med kickback.no