KLEM: Anna Sofia Marin (17) og Herman Perea (18) frå Spania gir kverandre ein klem. Dei er nære vennar og seier det er fint å få og gi ein klem. Foto: Helge Mikalsen, VG

Full klemmeforvirring

Fredag oppstod det full forvirring rundt råda om kven ein kan klemma og ikkje.

  • Sindre Camilo Lode

Artikkelen er over 40 dager gammel, myndighetenes råd angående coronasmitten kan derfor være utdaterte. Du kan alltid holde deg oppdatert i vår spesial, eller gjennom FHIs nettsider.

Det heile starta med at overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet sa til VG at han tenkte det var greitt å gi nære vennar ein klem, nå som coronasmittetalet er så lågt.

Berg var samtidig klar på at smittefaren aukar jo fleire vennar ein klemmer. Han anbefalte også at ein ikkje introduserer for mange nye inn i klemmegruppa.

– Me har vore ganske strenge i starten av utbrotet og sagt at ein skal halda ein meter til andre utfor din eigen husstand, men nå er det litt opp til deg kven som er dine nærmaste, sa overlegen.

Desse utsegna førte til full forvirring om dette var eit nytt råd eller om det var ei ny tolking av gamle råd. Det skulle visa seg at det ikkje var nokon av delane.

les også

Flest corona-smittet på Oslo øst: Her er forklaringene

FHI kom med presisering

Folkehelseinstituttet kom nemleg seinare på dagen med ei presisering av det Berg hadde sagt, der dei blant anna skreiv:

«Ei viktig presisering! Dette er ikkje noko nytt råd frå FHI. Me meiner ikkje det er greitt at me klemmer alle – ei heller alle vennar.

Are Stuwitz Berg har ikkje sagt eller meint at det blir opna for klemming med alle vennar.

Han har sagt at ein kan klemma sine nærmaste slik me har sagt ei stund allereie.»

Folkehelseinstituttet presiserte også i ein e-post til VG at dette er råda som gjeld for alle i befolkninga.

Du kan sjå råda i faktaboks under:

les også

Antallet smittede ved barneskole er tredoblet

Nakstad meir restriktiv enn FHI

Etter presiseringa av rådet frå FHI, kontakta VG fredag kveld Helsedirektoratet for å høyra korleis dei stiller seg til kven ein kan klemma.

I ein e-post til VG svarte assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad:

– Dei felles råda til Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttets er framleis at klemming bør bli avgrensa til dei ein bur saman med.

Nakstad skreiv vidare at det er greitt å klemma andre, men berre éin person:

– I tillegg kan ein klemma sin beste venn eller kjærasten sin, men ingen andre.

Den assisterande helsedirektøren understreka også i e-posten at det framleis er slik at ein bør halda avstand på minst éin meter til andre, og at ein ikkje bør vera meir enn 20 personar på same stad i sosiale samanhengar.

Kan bli sesongvirus

I intervjuet der Berg snakka om klemming, svarte han også på om coronaviruset kan bli eit sesongvirus. Berg sa det var sannsynleg.

– Dette viruset smittar såpass lett, og dei fleste ikkje blir spesielt sjuke, så dette vil nok leva blant menneske i tida framover.

Han fortalde vidare at det er vanskeleg å seia kor lenge det er snakk om, og at det avheng av at nok menneske utviklar immunitet, enten gjennom å bli sjuke eller vaksinerte.

– Me må nok rekna med at me må stå i dette ei stund. Eg håpar og trur at så lenge me er flinke til dei grunnleggande tinga me veit funkar, som å ha god handhygiene, halda avstand og vera heime når ein er sjuk, så vil me halda det under kontroll, sa Berg.

les også

Byrådslederen etter festbråk: Nøler ikke med skjenkeinnstramming

– Ver kreativ

Folk straumar til strender, parkar og uteserveringar i fleire norske byar, og mange held ikkje lenger den anbefalte avstanden på minimum éin meter til andre.

– Der faren er størst for å bli smitta er selvfølgeleg der det er mange menneske tett på kvarandre, og spesielt innandørs. Det er derfor me har stengt festivalar og dei morosame tinga, sa overlegen.

Å halda avstand er framleis ein av dei beste måtane å unngå å bli smitta på. Derfor anbefaler Berg at ein ser seg om etter skjulte skattar dersom ein har tenkt seg ein tur på stranda:

– Det er lov å vera litt kreativ, alle i Oslo treng ikkje dra på Sørenga eller Huk, det finst mange fine stadar rundt Oslofjorden der det er lettare å halda avstand.

Mer om

  1. Folkehelseinstituttet
  2. Helsedirektoratet
  3. Espen Nakstad
  4. Coronaviruset

Flere artikler

  1. Nakstad meir restriktiv enn FHI – åtvarar mot klemming

  2. FHI: Du kan klemme gode venner

  3. Åtvarar mot klemming

  4. Ferieparkane har redusert kapasiteten i sommar – slepper likevel inn fleire tusen kvar dag

  5. Helsedirektoratet: Sannsynlig med karantene for reisende fra Spania

Fra andre aviser

  1. Nakstad advarer mot å klemme mange

    Aftenposten
  2. Regjeringen åpner for reiser til syv regioner i Sverige

    Bergens Tidende
  3. Dette må du huske når du skal arrangere fest i sommer

    Fædrelandsvennen
  4. Norge er inne i en ny koronafase. Der skjuler det seg flere feller.

    Aftenposten
  5. No kan besteforeldra besøkje barnebarna på Austlandet igjen: – Vi har veldig behov for det no

    Bergens Tidende
  6. Norge er inne i en ny koronafase. Der skjuler det seg flere feller.

    Bergens Tidende

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder