Foto: Ørsta/Volda Pride

Noregs første «Bygdepride» i Volda og Ørsta: – Eg vil bli buande på bygda og vere skeiv

INNENRIKS

Store delar av lokalsamfunnet er venta i Pride-paraden i Volda fredag. Arrangementet har fått mykje støtte etter gjentatt homokritikk frå enkelte miljø i bygda. Ordførarane meiner homohetsen har fungert mot si hensikt.

Publisert: Oppdatert: 11.05.18 08:27

Det var Anbjørn Steinholm Frislid (22) frå Ørsta som først tok initiativ til ei Pride-markering. Han kom sjølv ut som skeiv i eit lesarinnlegg i avisa Møre Nytt, og ville ikkje at dei kritiske kreftene skulle stå uimotsagt.

– I tidlegare tider har homofile flykta frå bygdene, eg vil vise at bygda er open. Eg har sjølv kjent meg aleine, men var min eigen verste fiende. No vil eg bli buande på bygda og vere skeiv, seier han.

Steinholm reknar med det kan bli mellom 500 og 1000 deltakarar i paraden, i bygda med knapt 9000 innbyggjarar. Han er overvelda over engasjementet.

– Dette starta som ein moro idé berre, eg hadde ikkje i det heile tatt venta at det skulle bli så stort. Det er tydeleg at vi har treff ein nerve, lokalsamfunnet har verkeleg stilt opp, seier han.

Frislid har lite imot om andre bygder blir inspirert og følgjer etter.

Ordførarane håper det er enklare å vere skeiv på bygda i dag, enn tidlegare.

– Det var nok utvilsamt slik at ein del av dei som sto fram for 20 og 30 år sidan måtte reise frå bygda, men det håper eg ikkje er nødvendig i dag. Derfor er det fint med blest rundt dette, slik at det kan bli enklare å stå fram og vise kva haldningar vi har, seier Aam.

– Kan bli større en folketoget

– Dette kan jo nesten bli større enn folketoget 17. mai, seier ordførar i Volda, Jørgen Amdam (Ap).

Over 50 lag og organisasjonar er påmeldt «homoparaden» fredag under Noregs første «Bygdepride» i Volda og Ørsta. Med slagordet «Pride er best på bygda» vil initiativtakarane vise at det er fullt mogeleg å leve som skeiv også i Bygde-Noreg.

Kulturminister Trine Skei Grande, landbruksminister og «volding» Jon Georg Dale og stortingsrepresentant for SV, Nicholas Wilkinson, skal også gå i paraden.

«Homofilt levesett er motbydeleg»

Det var etter fleire kontroversielle lesarinnlegg og utsegn mot homofilt samliv i lokalavisene, at Ørsta/Volda Pride vart skipa og det vart tatt initiativ til ei parade. Etter dette skreiv ein av kritikarane, pastor Hans Reite frå meinigheita Nytt Livs senter, i avisa Møre at;

«Dei homofile og lesbiske må få drive med det dei vil i det skjulte, men kvifor skal dei stå fram med ei parade for å profilere levesettet sitt? Er det for å bli fleire? […] Homofilt levesett er motbydeleg for Gud».

Meinigheita tok initiativ til ein motdemonstrasjon for to veker sidan; ein Jesus-marsj med slagord som «homofilt samliv er synd» og «regnbogen minner om ei domshandling frå Gud».

Ordførarane i dei to bygdene, som begge skal gå i paraden, meiner motreaksjonane berre har ført til meir oppslutning om Bygdepride.

– Utvilsamt. Det har nok vekt mange og bidrege til at det blir så stort som det ser ut til å bli, seier Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp).

Amdam seier seg einig, og meiner majoriteten av dei religiøse miljøa i kommunen tek avstand frå denne gruppa.

– Det er ei lita, marginal gruppe som har markert seg og fått mykje merksemd i lokalmedia. Dei aller fleste er positive og støttar opp under arrangementet denne helga.

Han vil oppfordre kritikarane til å leggje kampen bak seg.

– Dei forsøkjer å kjempe ein kamp som er tapt. Volda er og skal vere eit ope samfunn, seier ordføraren.

Pastor Hans Reite er på reise i Israel og har ikkje svart på VGs førespurnader.

– No er det 500 år sidan Luther hengte opp tesene. No treng vi ein ny reformasjon. Kyrkja har gitt etter for den nye homolovgivinga. Det er alvorleg når ein går imot Guds ord, har han tidlegare sagt om saken til NRK.

Politiet ventar ingen motdemonstrasjonar fredag.

Her kan du lese mer om