MEGATØFF TID: Liv Signe Navarsete møtte VG etter intervju-programmet Torp i NRK sine lokale på Marienlyst i førre veke.  Ho er langtfrå nøgd med måten Senterpartiet har handtert varslarsaka hennar på.
MEGATØFF TID: Liv Signe Navarsete møtte VG etter intervju-programmet Torp i NRK sine lokale på Marienlyst i førre veke. Ho er langtfrå nøgd med måten Senterpartiet har handtert varslarsaka hennar på. Foto: Thomas Andreassen, VG

Navarsete: Ein har varsla og ingenting kjem ut av det

INNENRIKS

Liv Signe Navarsete meiner Senterpartiet har behandla varselet om sex-tekstmeldinga på ein elendig måte. I dag avslutta sentralstyret i Sp saka.

Publisert: Oppdatert: 03.05.18 14:27

I eit innlegg på si eiga Facebook-side skriv Navarsete at ingenting har kome ut av varselsaka, anna enn ei personleg stor påkjenning for henne.

Partiet si handtering kan vere eit døme på korleis ei varslingssak ikkje skal behandlast, skriv Navarsete i si Facebook-oppdatering. Ho er mellom anna kritisk til at det måtte gå to år før partileiinga tok tak i saka.

Ho er sjukmeld frå Stortinget, og kviler ut heime i Lærdal i Sogn.

« I dag er eg komen i same situasjon som mange, mange jenter/kvinner har vore i. Ein har varsla og ingen verdens ting kjem ut av det med unntak av ei megatøff tid for seg sjølv. Eg sende IKKJE saka til media, slik enkelte yndar å seie. Eg varsla parti leiinga, ingen ting skjedde, og no brukar politiet den lange tida som argument for ikkje å gjere noko. Trur ikkje den elendige handsaminga Trygve og Marit stod for etter varslinga vil gjenta seg, men la dette stå som symbol på korleis ei varsling ikkje skal handsamast. 
TUSEN TAKK for alle blomane som har fylt huset siste dagane, TAKK for sms i mengder, e-postar, messenger (med hyggeleg innhald☺️) og telefonar til trøyst og oppmuntring - frå både menn og kvinner i heile landet! Og vit at : Me er kvinner, me er mange - og me gir oss ikkje!»

Det har ikkje lukkast VG å få Navarsete til å utdjupe innlegget. Heller ikkje partileiar Trygve Slagsvold Vedum har førebels kommentert utspelet.

Men i ein epost til NTB onsdag kveld, skreiv Navarsete:

– Eg skal legge denne saka bak meg. Men det vil ikkje vere like einkelt for meg å ha tillit til alle deltakarane på hytteturen i framtida. So får det vere opp til partiet å vurdere om dei som har stått bak meldinga, fortener partiet sin tillit vidare.

Leiar for stortingsgruppa, Marit Arnstad er på utanlandsreise, og gir ingen kommentar til Navarsetes Facebook-innlegg, ifølgje Lars Vangen som er mediesjef i Senterpartiet.

Til Adresseavisen seier likevel Arnstad at ho er nøgd med vedtaket i sentralstyret torsdag.

– I Senterpartiet driv vi ikkje med kollektiv straff. Det er som sagt særs beklageleg at vi ikkje har kome til botns i denne saka. Men noko kollektiv straff er uaktuelt for oss i Senterpartiet. Slik er det det berre, seier Arnstad.

Navarsete sin kollega i stortingsgruppa, Jenny Klinge, reagerer sterkt på Navarsete sitt innlegg:

– Vi er mange som ikkje har sagt noko i denne meldingssaka av omsyn til partiet, men no er det viktig at alle partar innser at denne saka ikkje kan koma lenger. Det tener ikkje til noko å halde ein kunstig krig i live slik, seier Klinge til VG.

Ho vil no ønskje Ola Borten Moe velkomen inn att i partiet som nestleiar etter den sjølvpålagde pausen han ga seg medan partiet handsama tekstmelding-saka.

– No er det på tide at alle let denne situasjonen få roe seg. Eg vonar Ola Borten Moe no kan kome attende som nestleiar i partiet. Senterpartiet treng han, seier Klinge til VG.

Meldinga «Vi har lyst på fitta di» vart send til Navarsete midt på natta for to år sidan frå ein mobiltelefon på ei hytte på Storlien ved Åre i Sverige.

Ti menn, mellom andre åtte med Sp-bakgrunn, var samla til festleg lag. Alle nektar for å ha send meldinga eller ha noko kjennskap til kven som sende den. Mellom deltakarane på turen var Sp-nestleiar og tidlegare statsråd Ola Borten Moe og tidlegare politisk rådgjevar i Olje- og energidepartemetet, no Stjørdal-ordførar Ivar Vigdenes.

Her kan du lese mer om