VENTAR MOTSTAND: Partileiar Knut Arild Hareide i KrF har reist Bergen saman med politisk rådgivar og tidlegare KrFU-leder Emil André Erstad. Begge har bakgrunn frå fylket.

Hareide på heimebane – møter både jubel og motstand

BERGEN (VG) Skjebneturnéen til KrF-leiar Knut Arild Hareide har måndag kveld partileiaren sitt heimfylke som stoppestad. Likevel er skepsisen stor også her, ifølgje fylkesleiaren.

  • Espen Moe Breivik

Artikkelen er over ett år gammel

– Eg ser fram til at mange KrF-medlemmar i Hordaland skal få presentert saka frå begge sider, direkte frå partileiinga, seier fylkesleiar i KrF i Hordaland, Dag Sele.

I dag tek han imot partileiar Knut Arild Hareide og nestleiar Kjell Ingolf Ropstad, til medlemsmøte for partimedlemmer i Hordaland. Der står dei på kvar si side i å overbevise medlemmane om kva retning KrF skal gå i. I motsetning til Hareide ønskjer Ropstad at partiet skal gå i regjering med Høyre, Venstre og Frp.

– Eg har fått veldig mykje hyggeleg støtte frå Hordaland, blant anna frå tidlegare stortingsrepresentantar, leder for seniorforumet og andre som har vore aktive her.

– Så du forventar røde delegatar herifrå?

– De er nok ikkje røde, men gule og i sentrum, og derfor ikkje ønskjer ytste høyre og venstre, seier Hareide og erkjenner at det nok er delt syn også i heimfylket.

Hareide har tidlegare argumentert for ei regjering med Ap og Sp er nærmare sentrum enn ei regjering med FrP. Ropstad fryktar at ei regjering med Ap og Sp må leve på nåden til SV.

Ventar både jubel og usemje

Hareide er valt inn på Stortinget frå Hordaland, og har fleire støttespelarar i heimfylket. Likevel forventar fylkesleiaren noko anna enn berre lovord.

– Her er det både mange som jublar over Hareide sitt råd og mange som er sterkt ueinig. Eg trur uansett han vil kjenna varmen og tilliten han har frå sitt heimfylke, seier Sele.

FYLKESLEDELSEN: Hareide på møte med fylkesledelsen i Hordaland KrF før medlemsmøtet. FOTO: Espen Breivik

Lukkar dørene for offentlegheita

Møtet på Betlehem Indremisjon er eit av fleire medlemsmøte fylkeslag i KrF har arrangert dei siste vekene. Her forklarer partileiaren kvifor han har råda partiet å søkje samarbeid med Ap og SV, medan nestleiarane får forklare kvifor dei er ueinige.

Seinare skal fylkeslaga ha årsmøter og velje kven som får representere fylket på det ekstraordinære landsmøtet 2. november – møtet som avgjer retningsvalet for partiet, og kan felle Erna Solbergs regjering.

Førre veke møtte Hareide og KrFs andre nestleiar Olaug Bollestad medlemmar i Trøndelag, der eit fleirtal gav støtte til Hareide.

Denne gongen har fylkeslaga stengt dørene for presse.

– Vi ser at fylka har organisert dette ulikt. Vi landa på at det var greit å gje medlemmane tilbod om eit lukka møte, der folk kanskje friare får kome med både spørsmål og innspel. I neste omgang vil vi ha eit ope årsmøte, slik at vi gjer begge deler i løpet av prosessen, seier fylkesleiaren.

Flere artikler

  1. Overraskande Hareide-støtte på medlemsmøte i Møre og Romsdal

  2. Ropstad støttes i Hareides hjemfylke - Upopulært i Hordaland å kaste Erna

  3. Måtte ha fem stemmer i Rogaland: Her kan Hareide ha tapt KrF-slaget

  4. Kilder til VG: Hareide nektet Ropstad å reise til delegatmøtet i Telemark

  5. Blå KrF-leder stiller delegat-ultimatum: – Situasjonen er svært dramatisk

Fra andre aviser

  1. Hareide: – En klar overvekt av innleggene støttet ikke mitt syn

    Bergens Tidende
  2. Se debatten mellom Hareide og Ropstad om KrFs veivalg

    Aftenposten
  3. Hareide fikk overraskende støtte på Vestlandsturné

    Aftenposten
  4. Hareide: Tror det blir jevnt

    Aftenposten
  5. Glad for at trusselen om å sende helblå delegasjon fra Hordaland falt

    Aftenposten
  6. Fornøyd Hareide etter KrFs «superlørdag»: – Jeg forventet ikke dette

    Aftenposten

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder