FYLKESÅRSMØTE: Rogaland KrF skal ta stilling til retningsval på sitt fylkesårsmøte laurdag. Her med fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal, stortingsrepresentant Olaug Bollestad og Knut Arild Hareide som gjest på medlemsmøtet 5.oktober.
FYLKESÅRSMØTE: Rogaland KrF skal ta stilling til retningsval på sitt fylkesårsmøte laurdag. Her med fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal, stortingsrepresentant Olaug Bollestad og Knut Arild Hareide som gjest på medlemsmøtet 5.oktober. Foto: Krister Sørbø

KrF-forslag i Rogaland: Vil ta ekteskapslova inn i regjeringsforhandlingane

INNENRIKS

Å endre dagens abortlov, samt sikre at dei som giftar seg har ulikt kjønn må vere høgast prioriterte saker i regjeringsforhandlingane, foreslår fylkespolitikar i Rogaland.

Publisert: Oppdatert: 20.10.18 20:59

– Saker i sommar og tidlegare gjer det nødvendig å klargjere KrF sitt standpunkt. Den gamle ekteskapslova, med ekteskap mellom mann og kvinne er det mest stabile for familien og ungar, seier Jan Gunnar Mattingsdal, fylkespolitikar og kommunestyrerepresentant i Hå kommune.

Han har derfor sendt inn eit forslag til Rogaland KrFs fylkesårsmøte laurdag, om at endring av ekteskapslova og abortlova må vere dei høgst prioriterte sakene i regjeringsforhandlingane, uavhengig av kva retningsval KrF gjer 2. november.

Han viser til saka der partiets familiepolitiske talsperson, Geir Jørgen Bekkevold, via KrFs lesbiske kommunikasjonssjef i sommar, og da partileiar Knut Arild Hareide gjekk i Pride-paraden i 2016.

– Det er veldig synd, og det svekkjer tilliten til KrF sitt standpunkt på området.

To av same kjønn skal ikkje kunne gifte seg

«KrF vil arbeide for at ekteskapet skal vere mellom ein mann og ein kvinne. Dette gir det beste utgangspunktet for barns oppvekst og samfunnet elles. Derfor vil KrF erstatte dagens ekteskapslov med ein lov som sikrar at de som gifter seg har ulikt kjønn» skriv Mattingsdal i forslaget han har sendt til fylkesårsmøtet.

Erna open for å endre abortloven

Torsdag sa statsminister Erna Solberg at ho er villig til å forhandle om endringar i abortlova, dersom KrF ønskjer plass i hennar regjering. Dette meiner Mattingsdal, som ynskjer at KrF går i regjering med Høgre, Frp og Venstre er eit godt signal frå statsministeren

– Det er viktig å få ned aborttala mest mogeleg, og at det kan vere eit rom i regjeringsforhandlingane for ei meir restriktiv retning, seier han.

Han etterlyser at ein utfordrar venstresida på det same spørsmålet, som han meiner er viktigast i eventuelle regjeringsforhandlingar.

Men Venstre og Unge Høgre har alt reagert kraftig på opninga frå statsministeren.

Har ikkje tid til å diskutere forslaget

Resolusjonskomiteen i Rogaland KrF har derimot foreslått at forslaget ikkje skal diskuterast på fylkesårsmøtet laurdag. Dei har innstilt på at forslaget vert oversendt til fylkesstyret som tek det vidare.

– Vi har avgrensa med tid på vårt møte, og kjem til å prioritere debatt om retningsvalet for KrF, seier leiar i komiteen og nestleiar i fylket Reid Ivar Dahl.

– Så det har ikkje noko med innhaldet å gjere?

– Nei. Fylkesstyret kan ta med seg forslaget som ein del av innspela ein vil dele med partiet dersom det vert regjeringsforhandlingar etter det ekstraordinære landsmøtet i november, seier han.

Fylkesårsmøtet laurdag kan likevel gå inn for å diskutere forslaget. Dahl ser ikkje bort ifrå at element i forslaget uansett vil bli ein del av debatten i helga.

– Det er nok ulike meiningar i Rogaland om dette, akkurat som det er om retningsvalet.

Minner om dagens KrF-politikk

KrFs familiepolitiske talsperson, Geir Jørgen Bekkevold seier til VG at han ikkje vil meine noko for sterkt om forslaget i Rogaland, men lar det vere opp til fylket å diskutere resolusjonen.

I forslaget som Mattingsdal har stilt er intensjonen at to av same kjønn ikkje skal kunne gifte seg i kyrkja eller andre stader. Bekkevold minner om KrF står i dette spørsmålet i dag.

– Eg forventar at ein også i Rogaland forheld seg til det programmet som er vedtatt og som gjeld for denne stortingsperioden, seier han.

Her kan du lese mer om