Protestpartiet har skapt ordførartrøbbel i Kristiansand

– Det har aldri før vore ein så kaotisk situasjon etter eit val, seier politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus.

Det er enda ikkje avgjort kven som blir ordførar i nye Kristiansand. Ei veke etter valet pågår det framleis forhandlingar på venstre- og høgresida.

Demokratane fekk 13,4 prosent av stemmene i sørlandshovudstaden. Slik vart partiet det tredje største i byen, bak Arbeidarpartiet (18,3 prosent) og Høgre (17,7 prosent).

Ordførar Harald Furre (H) og ordførarkandidat Jan Oddvar Skisland (Ap) arbeider begge no aktivt for å sikre seg ordførarjobben i Kristiansand. FOTO: Jacob Buchard / Fædrelandsvennen

– Dei rottar seg saman mot oss

Både noverande ordførar Harald Furre frå Høgre og Ap sin ordførarkandidat Jan Oddvar Skisland gjer det dei kan for å samle eit fleirtal bak seg, men ingen av dei ynskjer eit samarbeid med Demokratane.

– No har vi gjort eit kjempeval i Kristiansand og er valvinnarar, og så skal valtaparane rotte seg saman og vere sure og gretne, seier Vidar Kleppe, bystyrerepresentant for Demokratane.

– Vi er slett ikkje sure og gretne. Vi har gode og konstruktive samtalar med dei rødgrøne partia og tverrpolitisk liste, svarer Skisland (Ap) i ein sms til VG.

Også høgresida, med Furre i spissen, held fram med samtalar over helga.

les også

Kristiansand er et varsko til resten av Norge

Nasjonalistisk parti mot innvandring

Demokratane omtalar seg sjølv som eit nasjonalkonservativt parti med nasjonalistisk grunnsyn. Dei vil blant anna stoppe innvandring frå muslimske land og forby bygging av moskéar i Norge.

Vidar Kleppe var tidlegare stortingsrepresentant og nestformann i Frp. Han skapte overskrifter med svært innvandringskritiske utsagn, og vart i 2001 suspendert frå partiet etter beskyldningar frå dåverande leiar Carl I. Hagen for å vere populist.

Sidan då har Kleppe arbeida for å bygge opp Demokratane og har markert seg i politikken på Sørlandet.

FØRSTEKANDIDAT I OSLO: I Oslo var Max Hermansen førstekandidat for Demokratene, som fekk 0,3 prosent av stemmene. Hans kal no vere utestengt frå partiet. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I Oslo er det leiaren for den innvandringsfientlege bevegelsen Pegida, Max Hermansen, som står oppført som styreleiar og førstekandidat.

Men ifølge Kleppe skal Hermansen no vere ekskludert frå partiet for å vere for ekstrem. Meir enn det vil ikkje Kleppe seie om ekskluderinga.

Hermansen stadfestar desse opplysningane ovanføre VG, men ønsker ikkje å uttale seg.

Kunstsilo, bom og hamneflytting

I valgkampen i Kristiansand har det derimot vore lite snakk om innvandring. Demokratane har markert seg mot kommunesamanslåing, mot kommunal støtte for bygging av ein kunstsilo, mot flytting av industrihamna i sentrum og mot bompengar.

– Folk seier til meg at «vi er ikkje einig med deg i alt, Vidar, men du er truverdig og tek dei sakene folk bryr seg om», seier Kleppe.

NEI-PARTIET: Bompengepartiet FNB stilte ikkje liste i Kristiansand, men Demokratane har markert seg sterkt mot bompengar. FOTO: Espen Moe Breivik, VG

Politisk redaktør i Fædrelandsvennen beskriv Kleppe sin suksess slik;

– Han var best til å tale til dei som meiner ting skjer for fort eller dei som er imot viktige vedtak. Når det gjeld å protestere, er det ingen i Kristiansand som kan måle seg med Vidar Kleppe, seier Udjus.

les også

Politikk er jaggu ikke kjedelig

– Konspirasjonsteoriar og anonyme angrep

Fleire meinar Facebook-sida «Sørlandsnyhetene» har prega stemninga i valkampen i byen. På sida, som ikkje har redaktør eller etiske retningslinjer, kan personar anonymt publisere artiklar og påstandar.

Styreleiar i Cultiva, Sissel Leire valte å slette sin Facebook-profil etter det ho omtalar som trolling. Ho har vore involvert i kunstsiloprosjektet, som Sørlandsnyhetene i stor grad har omtalt.

– Det har fleire gongar vore lansert dei villaste konspirasjonsteoriar. Dette skjer i anonym form, som gjer det vanskeleg for dei som vert angripen å forsvare seg. Dette har ført til at sida er omstridd, seier Udjus.

Sørlandsnyhetene på Facebook har vore ein arena for protest mot «det etablerte». Fleire meiner likevel at sida sprer sjikane og konspirasjonsteoriar. Foto: Skjermdump frå Facebook

Også Kleppe har brukt sida aktivt med eigne innlegg, noko som i større grad vanskeleggjer eit samarbeid med dei etablerte partia.

– Kleppe har assosiert seg med Sørlandsnyhetene ved sjølv å skrive der. Det har kanskje gitt han nokre ekstra stemmer, men det gjer også at han vert heldt utanfor det gode selskap. Dei andre partia vil ikkje ha noko med han å gjere på grunn av denne sida.

Kleppe svarar slik på kritikken;

– Det er ikkje Demokratane sin feil at ikkje dei andre partia har benytta seg av den medieflaten. Dei har hatt mange gode saker og gitt Fædrelandsvennen konkurranse, men eg er ikkje einig i alt som står der.

Ein av dei meir aktive skribentane, som skriv under fullt namn, er Nils Nilsen. Han stod på 25.plass på lista til Demokratane, men endte på ein 3.plass etter valet.

les også

Konservative gamlinger vinner valget

Kan avgjerast først i oktober

Høgre har styrt Kristiansand sidan 1987, og mykje av retorikken til Demokratene har handla om å kaste den sittande «eliten», som partiet omtalar dei som.

Sidan ingen av dei etablerte partia ynskjer å samarbeide med Demokratane er det om å gjere å samle det sterkaste mindretalet.

– Akkurat no er det heilt opent og svært usikkert kven som blir ordførar, seier Udjus.

SPENNING: Ingenting er avgjort enda, forklarer politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus. FOTO: Espen Moe Breivik, VG

Tverrpolitisk folkeliste, som fekk 5,5 prosent av stemmene, er også eit parti som ynskjer å kvitte seg med det etablerte styret. Partiet har vore i dialog med både høgre- og venstresida, men ser ut til å peike på Arbeidarpartiet og Skisland.

I så fall kan stillinga bli 29 mot 29 mellom dei to blokkane, utan Demokratane. Med mindre Senterpartiet skiftar sida, og går frå blått til raudt i Kristiansand, noko førstekandidaten har sagt at han vil prøve.

Det betyr at det til slutt kan vere Demokratane og Kleppe som avgjer kven som får sitte i ordførarstolen frå det første møtet i bystyret 9.oktober.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder