PÅ HEIMEBANE: Vestland er eit brukande namn på det nye fylket som skal bestå av Hordaland og Sogn og Fjordane, meiner kommunalminister Monica Mæland. Her er ho fotografert i heimbyen Bergen.
PÅ HEIMEBANE: Vestland er eit brukande namn på det nye fylket som skal bestå av Hordaland og Sogn og Fjordane, meiner kommunalminister Monica Mæland. Her er ho fotografert i heimbyen Bergen. Foto: Hallgeir Vågenes, VG

Berre velstand med Vestland framfor Vestlandet, meiner Mæland

INNENRIKS

Kommunalminister Monica Mæland (H) meiner namnevalet Vestland framfor Vestlandet på Hordaland/Sogn og Fjordane var eit smart grep.

Publisert:

I tillegg foreslår regjeringa at Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark, Agder og Troms og Finnmark blir godkjend som nye fylkesnamn av Stortinget.

Men det var det tidlegare framlegget om Vestlandet som namn på slegne saman Hordaland og Sogn og Fjordane som valda mest hovudverk.

Kommunalminister Monica Mæland er nøgd med at regjeringa fredag skar i gjennom.

– Det er avgjerande at dei to fylka med eit overveldande fleirtal har ynskt samanslåinga, og det er positivt at dei endra forslaget på namn frå Vestlandet til Vestland, skriv Mæland i ei tekstmelding til VG.

Ho har også møtt fylkesordførarane i Møre og Romsdal og Rogaland – som har kritisert namnevalet Vestlandet for naboane i vest – ettersom rogalendingar og møringar også kjenner seg som vestlendingar.

– Eg har respekt for deira synspunkt, men det kan ikkje vere avgjerande for namnet på eit nytt fylke dei sjølv ikkje ynskte å delta i, slår Mæland fast.

Av forslaget til regjeringa går det også fram at landet sine to nordlegaste fylke også vil få dei samiske namna Romsa ja Finnmárku og Tromssa ja Finmarkku. Vidare blir det føreslege at Trøndelag fylke skal få eit samisk parallellnamn – nemleg Trööndelage.

– For ei smidig gjennomføring av samanslåingane, bør dei nye fylkesnamna fastsetjast så raskt som råd, seier Mæland.

Bakgrunnen er Stortinget sitt vedtak 8. juni i fjor om samanslåing av 13 fylkeskommunar til seks.

Vedtaket omfattar samanslåing av desse fylkeskommunane: * Vest-Agder og Aust-Agder, * Buskerud, Akershus og Østfold, Telemark og Vestfold, * Hordaland og Sogn og Fjordane, * Oppland og Hedmark samt *Troms og Finnmark.

– Dei nye namna blir viktige når fylkeskommunane skal byggje ein ny sams identitet. Omsynet til det kommunale sjølvstyret har vore tungtvegande, men vi har også gått nøye i gjennom Språkrådet sine tilrådingar om namneval. Når fylkeskommunane er blitt samde om eit nytt namn og vald skrivemåte, har dette vore avgjerande for regjeringa, seier statsråden for fylka og kommunesektoren.

Her kan du lese mer om