Gammalt flyvrak dukka fram frå Jostedalsbreen
I 1972 styrta ein dansk veterinær eit småfly inn i Jostedalsbreen. Vrakdelane fekk si mellombelse grav i bre-isen – og har ikkje blitt sett igjen, før nå.
Artikkelen er over ett år gammel
– Det er fantastisk spennande. Me har venta i 49 år nå i Fjærland, seier ein begeistra direktør ved Norsk Bremuseum, Anne Mundal Skjelten, til VG over telefon.