«LEX LISTHAUG OG WARA»: Sylvi Listhaug og Tor Mikkel Wara hadde begge arbeidd for PR-bransjen før dei vart utnemnde til statsrådar i regjering, medan kundelistene deira vart verande hemmelege. Foto: Junge, Heiko / NTB Scanpix

Venstre snur om innsyn i PR-kundelister frå regjeringsmedlemmar

Venstre stemte likevel ikkje for SV sitt forslag om ei lovendring som kan tvinge statsrådar til å offentleggjere tidlegare kundelister frå PR-bransjen. – Venstre har blitt eit mini-Høgre i regjering, seier Torgeir Knag Fylkesnes (SV).

I eit intervju i VG måndag forsikra Venstres Abid Raja om at hans parti ville gå samrøystes inn for eit forslag om opplysningsplikt i Stortinget. Alle parti utanom Høgre, Frp og KrF såg ut til å skulle stemme for.

les også

Stortinget vil tvinge statsrådar til å offentleggjere kundelister – Wara kan sleppe unna

Men i siste minutt snur Venstre og stemte for Høgre og Frp sitt forslag om å utsetje saka ved å sende lovendringa på høyring.

I Stortingssalen stemte 50 for og 52 mot det originale forslaget.

– Det er ein del moment som det er grunn til å gjere ei grundigare juridisk vurdering av. Når det då ser ut til å vere mogeleg å få til eit breiare fleirtal bak eit meir gjennomarbeida forslag, så meiner vi det er verd å bruke litt ekstra tid, seier Raja.

SNUR: Abid Raja i Venstre stemmer for Høgre og Frp sitt forslag om å ei høyring om opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar. Foto: Pedersen, Terje / NTB Scanpix

Han påpeiker at Venstre framleis står for den same openheitslinja.

Kunne råka justisministeren

I dag har 11 politikarar i departementa bakgrunn frå PR-byrå. Blant dei er justisminister Tor Mikkel Wara (Frp), som har vore seniorpartnar i First House.

les også

11 politikarar i departementa har bakgrunn frå PR-byrå

Krava frå opposisjonen var sterke både då han og tidlegare justisminister og landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) ikkje offentleggjorde kundeforhold frå bransjen, då dei vart utnemnt som statsrådar.

SV, som står bak forslaget, gav uttrykk for at dei ville at ei lovendring i dag også skulle gjelde for sitjande statsrådar, medan Raja i Venstre uttala at ei ny lov ikkje kunne ha tilbakeverkande kraft.

– Eit gigantisk mageplask frå Venstre

I presidentskapen, der Raja er Venstre sin mann, fekk forslaget fleirtal, slik vert det ikkje i den endelege behandlinga i stortingssalen.

– Venstre sviktar seg sjølv og eigen tradisjon når dei plutseleg stemmer mot meir openheit og for hemmeleghald. Venstre har på få år øydelagt sitt eige prosjekt og blitt eit mini-Høgre i regjering, tordnar Fylkesnes (SV).

SKUFFA: SVs Torgeir Knag Fylkesnes (SV) er skuffa over at Venstre likevel ikkje stiller seg bak deira forslag om opplysningsplikt. Foto: Roald, Berit / NTB Scanpix

Det same gjer Bjørnar Moxnes i Raudt;

– Dette er eit gigantisk mageplask frå Venstre. No bøyger dei nakken for Frp og Høgre, to parti som er heilt usamde i forslaget om å sikre openheit om politikarar på betalt påverkingsoppdrag for kapitalkrefter og særinteresser, seier han.

Raudt har tidlegare fremja eit liknande forslag, men fekk på det tidspunktet ikkje med seg Ap.

les også

Senterpartiet vil ha PR-nekt for sine eigne, men ikkje for Ap

Raja har derimot tillit til regjeringa som Venstre sjølv er ein del av;

– Dette er fullstendig usakleg. No får vi fleirtal for at regjeringa lagar ei utgreiing, sender på høyring og kjem tilbake. Dette er ei typisk sak som får større legitimitet når eit større fleirtal på Stortinget kan slutte seg, seier han.

– Om dette tek litt lengre tid, men til gjengjeld blir grundigare så er det ikkje eit mageplask, men god saksbehandling, legg han til.

– Kvifor er ikkje ei utgreiing ein god idé?

– Denne regjeringa har greia ut dette allereie. Dei har sendt eit brev til presidentskapen med si vurdering av heile forslaget. Den sitjande regjeringa har allereie sagt kva dei meiner, seier Fylkesnes.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder