Richard (20) «kjenner på homofile følelsar»: – Ikkje den måten eg ønsker å leve på

Om kort tid skal Stortinget avgjere om «homoterapi» blir forbode. Richard Alexander Beharie fryktar dette vil gå ut over hjelpa han meiner han har fått.

Beharie er fast bestemt på å gifte seg med ei kvinne, men kjenner også på det han omtalar som «homofile følelsar».

– Det er ikkje sånn at eg tenker det er min identitet, eller den måten eg ønsker å leve på, seier han.

Han er 20 år gammal og frå Sandnes i Rogaland. Han har dei siste åra blitt meir og meir aktiv i ei reformert, evangelisk meinigheit.

DÅP: Richard vart døypt og er aktiv i ei meinigheit i Rogaland. Foto: Privat

Har fått «homoterapi»

Det var da han gjekk på ungdomsskulen og vidaregåande han oppdaga at det ikkje berre var jenter som interesserte han, men å leve ut som homofil meiner han er synd og i strid med Guds ord.

Han har fått forbøn og råd frå andre kristne om sin seksualitet. Det enkelte vil kalle for «homoterapi», en praksis Beharie forsvarar.

– Eg trur det gjer det vanskeleg for folk med homofile følelsar om du seier at dei ikkje får lov til å snakke med likesinna om det, seier han om forslaget om eit forbod.

Samtidig påpeiker han at han ikkje støttar skrekkeksempla som blant anna VGTVs dokumentarserie «Homoterapi» har vore med på å avdekke.

Sjå heile historia til Richard i videoen i toppen av saka.

Opp til Stortinget

11. desember skal Stortinget stemme over eit forslag frå Arbeidarpartiet og MDG om å forby homoterapi, eller konverteringsterapi som det vert kalla.

Regjeringspartia, utanom KrF, er open for ei utgreiing om eit slikt forbod.

Fleire religiøse krefter meiner at eit slikt forbod avgrensar ytringsfridommen og religionsfridommen, men enkelte kristne organisasjonar stiller seg også bak forslaget om eit forbod.

les også

Venstre: Garanterer homoterapi-forbod

– Synet på ekteskapet har endra seg

Mangeårig barne- og ungdomspastor Tor Håkon Eiken er aktiv i Skeivt kristent nettverk, ein av organisasjonane som ønsker eit forbod.

Han fortel om skeive kriste som tek kontakt, fleire av dei med alvorlege plagar som følgje av forsøk på terapi.

– Vi trur ikkje på at menneske må velje mellom å vere den dei er og trua dei har. Det viktige er at ein likar seg sjølv slik ein er skapt.

– Men er ikkje Bibelen tydeleg på at ekteskapet er mellom mann og kvinne?

– Bibelen omtalar fleire formar for ekteskap og eit syn på kvinner som vi ikkje ville akseptert i dag. Synet på ekteskapet har endra seg gjennom tusenvis av år, det viktigaste er at ein har eit gjensidig forhold mellom to menneske som ønsker å leve saman, seier han.

Eiken vil samtidig vise respekt for dei som vel å leve aleine eller på andre måtar.

– Det er viktig at lovverket ikkje hindrar nokon i å leve etter si overtyding.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder