UT PÅ TUR: Då må du kunna innreisereglane til der du skal. Foto: IAKOVOS HATZISTAVROU / AFP

Flyselskapa: Passasjerane må kunna innreisereglar sjølv

Om du skal reisa ut av landet med fly, må du ifølge flyselskapa sjølv vera oppdatert på innreisereglane dit du skal.

Av 

Sindre Camilo Lode

Publisert:

Artikkelen er over 351 dager gammel, myndighetenes råd angående coronasmitten kan derfor være utdaterte. Du kan alltid holde deg oppdatert i vår spesial, eller gjennom FHIs nettsider.

Frå og med 15. juli kan nordmenn reisa til og frå Schengen og EØS-land i sommar, dersom landa oppfyller dei eksisterande smittevernreglane.

Men skulle du ta deg ein tur ut av landet, er det du sjølv som må vera oppdatert på innreisereglane i landet du skal dra til. Det skriv fleire av dei største flyselskapa som opererer i Noreg, til VG i e-postar torsdag.

På spørsmål frå VG om SAS i forkant av ei flyging sjekkar om passasjerane har lov til å komma inn i landet dei reiser til, skriv pressesjef John Eckoff til VG:

– Det er i utgangspunktet passasjerane som sjølv må sørga for at dei har rett til innreise i dei ulike landa.

Han skriv vidare at nokon av Schengen-landa også krev at dei reisande fyller ut skjema i forkant av flyginga, og at SAS informerer om dette ved innsjekk og påstiging til den aktuelle flyginga.

Eckoff legg til at om ein skal reisa utfor Schengen-området, så må passasjerane visa fram gyldige dokument til grensepoliti i passkontrollen.

UT PÅ TUR: Då må du kunna innreisereglane til der du skal. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix

les også

EU åpner for reisende fra 14 land

Også Norwegian seier at det i utgangspunktet er ansvaret til passasjerane å vera kjent med lokale innreisereglar.

– Norwegian hjelper kunden undervegs og informerer om reglane både i kjøpsprosessen av billettar, på heimesida våre og på lufthamna, der det i tillegg er kontroll av reisedokument og pass, skriv presseansvarleg i selskapet til VG.

les også

Slik åpner Europa: Dette er reisereglene

Det store tyske flyselskapet Lufthansa oppfordrar også passasjerane til å setta seg inn i innreisereglane sjølv.

– I tillegg informerer me passasjerane våre så langt me kan om eventuelle innreiserestriksjonar under bestilling av reisa, på lufthamna og om bord på flyet, skriv Neda Jaafari, talsperson for selskapet i Europa.

Ho skriv vidare at Lufthansa generelt er plikta av styresmaktene til å sjekka gjeldande innreisereglar før passasjerane går om bord.

Det Nederland-baserte flyselskapet KLM skriv i ein e-post til VG at dei sender e-postar til alle passasjerane i forkant av reisa med viktig informasjon om innreisereglane for destinasjonen.

Publisert:

Les også

  1. I disse ferielandene har kurven flatet ut

    Både Spania og Italia har sett drastiske fall i antall nye coronadødsfall.
  2. Norge og store deler av Europa åpner 15. juli – med forbehold

    Nordmenn kan reise til og fra Schengen og EØS-land i sommer dersom landene oppfyller de eksisterende smittevernreglene.

Mer om

Scandinavian Airlines (SAS)

Lufthansa

Norwegian

Flyselskaper

Reise

Coronaviruset

Flere artikler

  1. Flyselskapa: Passasjerane må kunna innreisereglar sjølv

  2. Pluss content

    Planlegger du utenlandsferie eller venter på refusjon? Dette må du vite

  3. Norwegian dropper munnbindkrav på flyene sine inntil videre

  4. Nå er Malta gult – men du slipper ikke unna karantene likevel

  5. Norwegian må lande dette selv

Fra andre aviser

  1. Norge vurderer munnbind på fly og fjerning av kravet om tomme midtseter

    Bergens Tidende
  2. SAS og Norwegian-passasjerer må bruke munnbind

    Bergens Tidende
  3. Virusjakten ga forskerne flere overraskende svar

    Bergens Tidende
  4. Norwegian innfører krav om munnbind fra onsdag

    Bergens Tidende
  5. Norwegian gjenåpner første rute utenfor Norge

    Bergens Tidende
  6. Noreg vil klare seg utan Norwegian

    Bergens Tidende

VG Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med kickback.no