Annonsørinnhold

Gåvene som får jula til å blenkja

Produsert av Schibsted Partnerstudio for Sylvsmidja

Font

VG: ?utm_source=schibsted_content&utm_medium=cpc&utm_campaign=gåvenesomfårjulatilåblenkja&utm_term=nasjonal

AP: ?utm_source=schibsted_content&utm_medium=cpc&utm_campaign=gåvenesomfårjulatilåblenkja&utm_term=nasjonal

BT: ?utm_source=schibsted_content&utm_medium=cpc&utm_campaign=gåvenesomfårjulatilåblenkja&utm_term=nasjonal

Aftenbladet: ?utm_source=schibsted_content&utm_medium=cpc&utm_campaign=gåvenesomfårjulatilåblenkja&utm_term=nasjonal

FVN: ?utm_source=schibsted_content&utm_medium=cpc&utm_campaign=gåvenesomfårjulatilåblenkja&utm_term=nasjonal

Adressa: ?utm_source=schibsted_content&utm_medium=cpc&utm_campaign=gåvenesomfårjulatilåblenkja&utm_term=nasjonal

E24: ?utm_source=schibsted_content&utm_medium=cpc&utm_campaign=gåvenesomfårjulatilåblenkja&utm_term=nasjonal

Foto: Thomas Brun/NTB

Jula, høgtida for kos og hygge. For det ekte og det personlege, det minneverdige og meiningsfulle. Går du for julegåver av sølv til dine kjære, går du for noko tidlaust med evig liv.

På Vangsvatnet har det lagt seg eit tynt lag av is, og på fjella rundt vossebygda glitrar det i det fyrste, kvite gullet. Ute i den kalde, klare morgonen kan ein skimta eit varmt ljos som strålar ut frå glasa i verkstaden til Sylvsmidja.

Innanfor jobbar flittige hender med vakre julegåver som blenkjer om kapp med nysnøen på dei høge toppane.

TIDLAUSE JULEGÅVER: Gullsmed Iris June Bø Nesje og kollegaene hennar hjå Sylvsmidja på Voss lagar julegåver som blenkjer.

Foto: Schibsted Partnerstudio

Kjærleik til handverket

– Her på Sylvsmidja lagar me så utruleg mange produkt, alle med detaljar som krev tolmodig arbeid og ikkje minst kjærleik til handverket.

Det fortel gullsmed Iris June Bø Nesje medan ho jobbar med sølvdekoren til ei bunadsveske.

– Eg synest det er ei stor æra å få halda på med eit så tradisjonsrikt handverk som bunadsølv. Tenk at nokon kjem til å bera dette når dei stolt pyntar seg i det finaste dei har. Det gir meg ei skikkeleg god kjensle, seier Iris June.

I arv i generasjonar

Tek du godt vare på sølvet ditt, pussar det opp når det trengs og oppbevarer det riktig, så kan det faktisk vara evig.

– Me er krye over den høge kvaliteten på det me lagar her på Sylvsmidja, seier Iris June, som er ein av 15 gull- og sølvsmedar av totalt 65 tilsette i den tradisjonsrike vossaverksemda.

Heilt sidan 1940 har Sylvsmidja perfeksjonert handverket og vore med på å auka både kunnskap og lidenskap for bunadsølv i heile landet. Samstundes som dei er opptekne av å ta vare på stolte tradisjonar, møter dei framtida med opne armar og driv med spennande produktutvikling.

Sjå video frå verkstaden på Voss

Blenkjande julegåvetips til under 500 kroner

– Sølv er ein av få ting som kan sjå heilt nytt ut sjølv om det er svært gammalt. Men berre det beste bunadsølvet kan leva i generasjonar og går i arv.

Iris June Bø Nesje,
gullsmed hjå Sylvsmidja

BLANKE KNAPPAR: Knappar er eit godt julegåvetips. Gje over fleire år, og plutseleg har den heldige mottkarane komplett sett. Foto: Schibsted Partnerstudio

17. mai-sløyfe til jul

– Gir du vekk ei gåve av sølv, gir du vekk noko tidlaust som mottakaren kan ha gleda av resten av livet, seier Vibecke Bosåen som jobbar på kundesenteret til Sylvsmidja.

Kvar dag pakkar ho inn alt frå nydeleg hår- og øyrepynt til elegante bunadsknivar, staselege lommeur og søljer som ho sender landet rundt.

17. mai-sløyfer med sølvnål er faktisk den aller mest populære julegåva frå Sylvsmidja.

– Ei skikkeleg 17. mai-sløyfe i sølv kan brukast om og om igjen, år etter år. Dette er ei fin og kjær gåve til dei som har alt, tipsar Vibecke.

TIDLAUST GÅVETIPS: 17. mai-sløyfer frå Sylvsmidja varer i generasjonar. Uansett kor du vel å feira nasjonaldagen, så er det stas å pynta seg med ei 17. mai-sløyfe med sølvnål. Dette er ei flott gåve til store og små, ja til og med til dei firbeine.

Blenkjande julegåvetips til under 1000 kroner:

Supre gåvetips

– Dersom du handlar på sylvsmidja.no, skriv me gjerne ei helsing på eit flott kort viss du ynskjer det. Det blir alltid sett pris på ei handskriven, personleg helsing sjølv om givaren kanskje sit på den andre sida av landet, held ho fram.

Allereie same dag ordrane kjem inn, sender Vibecke og kollegaene dei av garde. Gåvekorta frå Sylvsmidja kjem i ei fint, innpakka gåveøskje. Du kan òg velja digitalt gåvekort.

– Eit supert gåvetips er små søljer som kan brukast både til barnebunaden, men òg seinare i livet sidan dei heilt fint kan brukast utanom bunad, tipsar Vibecke.

Ein må heller ikkje gløyma hårspenner og hårstrikk som òg kan brukast like godt til kvardags som til fest.

– Gåva kan me pakka inn og senda rett til den heldige mottakaren.

Vibecke Bosåen,
kundebehandlar hjå Sylvsmidja

Material property, Hand, White, Black, Gesture, Black-and-white, Font, Style, Finger
Hand, White, Table, Black, Eyewear, Gesture, Black-and-white, Grey, Style, Finger
Audio equipment, Hand, Table, Black, Chair, Gesture, Finger, Wood, Grey, Black-and-white
Indoor games and sports, Automotive design, Table, Black, Gesture, Eyewear, Black-and-white, Style, Finger
Vision care, Office supplies, Table, White, Black, Black-and-white, Gesture, Eyewear, Finger, Style
Photograph, White, Black, Table, Black-and-white, Gesture, Grey, Style
Hand, White, Table, Black, Gesture, Black-and-white, Grey, Style, Finger, Tableware
Hand, White, Black, Table, Gesture, Black-and-white, Grey, Finger, Style, Nail

Blenkjande julegåvetips til over 1000 kroner:

Sjå korleis du kan gje lommeuret eit heilt personleg preg

Sølvskattar under treet

Med over 2000 sølvprodukt til 64 ulike bunader og folkedrakter er det mange flotte gåvetips å velja mellom hjå Sylvsmidja. Julestjerna treng med andre ord ikkje blenkja aleine denne jula.

– Prikken over i-en får du viss du vel å gravera inn tekst på sølvet du kjøper. Stadig fleire ynskjer ei personleg gravering på alt frå namneskilt til hårspenner, lommeur, knivslirer og beltestølar, fortel Vibecke vidare.

Sølv blir aldri utdatert og søkk ikkje i verdi.

– Ein vert i grunn berre meir og meir glad i bunadsølvet sitt, seier Vibecke før ho legg til med eit smil:

– Ein ekstra bonus er at alt bunadsølvet frå Sylvsmidja er ekte handverk. Det er veldig mykje arbeid og mange prosessar bak kvar del, og me gjer alt her på verkstaden vår. Sølv frå Sylvsmidja er «laga pao Voss».

Sveip for å sjå fleire bunadsknivar:

Sylvsmidja lagar fleire ulike bunadsknivar:

Olakniven har handsmidd blad og er laminert med ein herda stålkjerne i midten. Skaftet er laga av masurbjørk, som med sitt særpreg, gir kniven eit unikt utsjånad. Slira er handsydd og det er akantusholkar i sølv på både skaft og slire.

Olakniven

Finn bunadsølv etter ditt distrikt

Sveip for å sjå blenkjande gåvetips til store og små

Klikk for å sjå blenkjande gåvetips til store og små

Stolte tradisjoner møter framtida med opne armar.

Med skreddarsaum tek ein vare på stolte tradisjonar

Hjå Sylvsmidja på Voss går gamle tradisjonar og nye løysingar hand i hand.



Les også

Stolte tradisjoner møter framtida med opne armar.

Blenkjande nyvinningar med historisk sus

Staselege sølvskattar frå Sylvsmidja ber du stolt med deg heile livet, både med og utan bunad. Ekte handverk frå Voss.


Stolte tradisjoner møter framtida med opne armar

Les mer

Stolte tradisjonar møter framtida med opne armar

Sylvsmidja har i alle år lagt stor vekt på å fornya seg. No kan du sjølv designa di eiga sølje.



Til toppen

Produsert av Schibsted Partnerstudio for Sylvsmidja

Journalistene og redaksjonene i Schibsteds medier har ingen rolle i produksjonen og publiseringen av dette annonsørinnholdet.
Schibsted Partnerstudio
©2022 Schibsted | Personvernerklæring og informasjonskapsler (cookies)