Annonsørinnhold

Like nord for Bergen ligg det ei eineståande kystlinje med tusenvis av øyer, tronge fjordar, kvite strender og mektige fjell. Opplev FjordKysten og skap gode ferieminne for heile familien.

Kysten av Sogn og Fjordane er som skapt for eventyr. Her kan du reise frå tronge fjordar og høge fjell til små øyer ytst i havgapet. Og det på same dag! Her ligg spennande historiske stadar som perler på ei snor.

Denne makelause kystlinja er staden for gode opplevingar. Kysten, i kombinasjon med fjell og fjord, gir heilt unike natur- og kulturopplevingar.

Besøk dei sjarmerande øysamfunna og fjordbygdene, og utforsk den vakre naturen. Ta gjerne med deg kajakken, fjellstøvlane og fiskestonga. Utforsk FjordKysten og oppdag eit variert og fasinerande landskap.

Her kan barna aktivisere seg i timesvis i fjæra, og på fisketur blant holmer og skjær er det alltid rom for å finne sin spesielle badeplass. Ønskjer du ein aktiv ferie med varierte opplevingar, så er FjordKysten ein perfekt base for å skape gode ferieminne.

Ønskjer du ein aktiv ferie med varierte opplevingar, så er FjordKysten ein perfekt base for å skape gode ferieminne!

FjordKysten er eit eldorado for padling. Med tusenvis av øyer, holmar og skjer i vakker urørt natur gir kysten av Sogn og Fjordane deg nokon av dei beste padleopplevingane Noreg har å by på. Oppdag øyriket med holmar, skjer, lune viker og kvite strender.

Som skapt for padling

Norway Adventures, Sognefjord Active (NKKA) og Sjøbris Adventure tilbyr guida kajakkturar. Alle har turar som vil begeistre alt frå nybegynnarar til den mest erfarne kajakkpadlar. Fleire overnattingsbedrifter tilbyr utleige av kajakk.

Ein kjem ikkje lenger vest i Norge enn til øyane i Solund, Bulandet og Værlandet – ofte omtalt som «Norges Venezia. Dette området er som skapt for padling med eit mylder av små og store øyar, holmar og skjer. Vegen er kort ut på storhavet, samtidig som øyane gir ly for vind og bølger. Mange tek turen hit om hausten for å surfe på bølgene.

I Måløy kan du padle langs kvite strender og stupbratte fjell. Opplev gamle handelsstader og eit rikt dyreliv. Skjergarden rundt Florø byr på flotte forhold for padling. Ta turen til ein av dei mange øyane rundt byen eller langs ein av fjordane, som gir ly for vinden og fine forhold for padling.

Sjå video frå vakre FjordKysten

Toppturar som tek pusten frå deg!

Ja, utsikta vil iallfall ta pusten frå deg. Kva med å prøve nokon nye og kanskje mindre kjente toppturar utan trengsel i sommer?

Langs heile FjordKysten er det eit rikt utval av fotturar i varierte lengder og høgdeprofil, så det skal godt gjerast å ikkje finne ein ny favoritt heilt etter din smak.

Dagsturhyttene og Nordsjøløypene er populære turmål for alle som ikkje ønskjer å nytte heile dagen til å bestige dei høgste toppane, men ha god tid til å nyte naturen og turen aleine eller saman med dine kjære.


Våre utvalgte toppturar sikrar deg storslått utsikt og instagramvenlege blinkskot

FANTASTISK UTSIKT: Over Hardbakke ruvar det 232 meter høge fjellet Ravnenipa. Her får du ein fantastisk utsikt over Hardbakke og Solund. Foto: Lillian Herland

Ravnenipa

Hardbakke ligg ved foten av fjellet Ravnenipa. Det er merka med vardar til toppen av fjellet, både frå nord- og sørsida.

Frå toppen av fjellet har ein flott utsikt vestover og ein kan sjå heile kommunesenteret. Det er merka tursti rundt Ravnenipa.

Bergarten konglomerat, som prydar heile kommunen, gjer også at moglegheitane for klatring er svært gode.

Blegja

Blegja i Askvoll blir gjerne kalt Dronninga blant fjella i Sunnfjord, og ikkje utan grunn. Med sine 1304 m.o.h. er Blegja den høgste fjelltoppen i FjordKysten. Blegja byr på utsikt heilt til Jostedalsbreen og dei 7 fjella rundt Bergen, 100 km vekke! Ei spektakulær naturoppleving!

Lihesten

Majestetisk, trolsk og utfordrande - dette er ord som vert brukte om Lihesten, dette landemerket og samlande symbolet for Hyllestad.

Alt i vikingtida var fjellet eit viktig landemerke, og Olav Kyrre søkte ly under fjellet og vurderte å leggje ein by til Lifjorden. Det er mogleg å gå mange turar og bruke mykje tid i dette særmerkte fjellmassivet i Hyllestad.

LIHESTEN: Det er mogleg å gå mange turar og bruke mykje tid i dette særmerkte fjellmassivet i Hyllestad. Foto: Petur Thor Photography

Alden

Bestig den Norske hest – fjellet som stig nærmast loddrett opp av havet! 481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs er Alden eit av dei mest markante seglingsmerka på vestlandet.

Frå toppen har du fantastisk utsikt i alle retningar!

DEN NORSKE HEST: Alden. Foto: Lillian Herland

Helleberget (Fløgen)

Populær topptur med fantastisk utsikt over Dalsfjorden og øyane i vest. Merka tursti frå p-plass på Otterstein (Askvoll-sida av Dalsfjordbrua). Turen er relativt krevande, men det er ingen klatring. Nyt flott utsikt 761 meter over havet.

Einingsfjellet

Einingsfjellet i Fjaler er ein flott familievennleg tur med ein spektakulær utsikt over øysamfunna. Frå toppen kan ein nyte flott utsikt til Solund i sør, Alden i vest og Dalsfjorden i nord.

Pollatinden

Pollatinden (bildet under) er det nest høgste fjellet i Solund og vert omtale som dronninga av øyriket. Om det er det at fjellet er det nest høgaste fjellet i kommunen som er opphavet til dronningnamnet, eller det faktum at Dronning Sonja gjentatte gongar har besteget fjellet veit ingen. Fjellet ruvar 541 meter over havet og byr på fantastisk utsikt over dei vestlegaste øyane i Norge.

Veten (Måløy)

La deg forføre av vakker utsikt 613 meter over havet. Veten er det høgste punktet i Vågsøy, og dannar saman med Brurahornet bakgrunnen for byen Måløy. Start turen ved Måløy stadion. Her kan du enten parkere ved stadion eller følgje vegen vidare opp til vannverket nedanfor Skramsvatnet. Nyt utsikta over store delar av Vågsøy og Stadhavet frå toppen.

Hanekammen

Hanekammen ligg 652 meter over havet og byr på vakker utsikt over heile Vågsøy, Stadthavet, innover langs Nordfjorden samt delar av Bremangerlandet. Turen startar ved å svinge av ved butikken på Deknepollen. Køyr deretter 500 meter og ta av mot høgre. Følg vegen til toppen av byggefeltet, ta til venstre og parker langs vegen etter ca. 100 meter. Herfrå finn du ein gruslagt bakke med eit skilt som peiker mot Hanekammen.

FOR EI UTSIKT: Frå Store Batalden kan du nyte synet av den vakre naturen som gjer skjergarden rundt Florø heilt unik. Foto: Siri Bjorstad Hjermann

Store Batalden 

La utsikta ta pusten og nyt utsynet over mylderet av øyar frå den høgste toppen i Flora skjergarden! Med sine 492 m.o.h. er Store Batalden den høgste fjelltoppen på øyane vest for Florø. Her kan du nyte synet av den vakre naturen som gjer skjergarden rundt Florø heilt unik!

 På Store Batalden kan du også besøke den prisbelønte Batalden Havbu med museum, kunstutstilling og overnatting. Batalden Havbu har mellom anna blitt tildelt Olavsrosa for si formidling av kystkultur.

Langs heile FjordKysten er det flotte forhold for sykkelturar.

Opplev FjordKysten og skap gode ferieminne for heile familien. Her kan barna aktivisere seg i timesvis i fjæra. Det er alltid rom for å finne sin spesielle badeplass på fisketur blant holmar og skjær.

I Kvernsteinsparken i Hyllestad kan barna prøve seg på ulike aktivitetar som pil og boge, eller jakte på Kvernsteinstrollet. Kva med å ta med heile familien på ein guida kajakktur eller prøve deg på SUP eller frisbeegolf i Solund

Coasteering

Opplev naturen frå ein heilt ny vinkel og utfordre deg sjølv både i vatn og på klipper. Coasteering er ein kombinasjon av fridykking, svømming, klippehopping og buldring. Dette er ein aktivitet som kan tilpassast alle aldre og er eit ypperleg utgangspunkt for teambuilding eller ein utfordring for familien

Sjå video frå vakre FjordKysten

REFVIKSANDEN: Ei av Noregs flottaste strender! Foto: Visit FjordKysten

Refviksanden

Nyt late dager på ei av Noregs flottaste strender, Refviksanden. Ta med familien på ein stranddag, snorkle etter fisk, surf eller berre ligg på madrassen og nyt livet. 

Den 1,5 km lange sandstranda ligg i enden av bygda Refvik, ut mot det opne hav. Stranda ligg cirka 10 km frå Måløy, og er med sin krittkvite skjelsand, ei av Noregs finaste badestrender. 

DAGSTURHYTTER: Alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane har ei dagsturhytte. Dette er lavterskelturar som passar dei fleste og hyttene er opne heile året. I hyttene er det lagt ut barnebøker på nynorsk.  Foto: Laila Schønhardt

Drøymer du om hytteferie ved sjøen?

Heile familien storkoser seg på hytteferie ved sjøen. God plass og rolege dagar, med turar til fots eller på sjøen i nærområdet, er balsam for sjela for liten og stor.

Langs FjordKysten er det eit rikt utval av hytter og feriehus, finn di drøymehytte her

Kysten av Sogn og Fjordane er staden for gode opplevingar. Kysten i kombinasjon med fjell og fjord gir heilt unike naturopplevingar.

Her kan du reise frå tronge fjordar og høge fjell til små øyer ytst i havgapet på same dag. Langs FjordKysten ligg også spennande historiske stadar som perler på ei snor.

Det rike utvalet av lokale båt- og ferjeruter gjer FjordKysten til eit eldorado for øyhopping. Her kan du dra på oppdagingsferd og oppleve små, idylliske øysamfunn, fjordbygder, kystbyar og historiske stadar.

Øyhopping Solund, Bulandet & Værlandet 

Opplev dei vestlegaste øyane i Norge og kom tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmar og skjer.

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet. Den lokale postbåten i Solund binder øysamfunnet saman ved å levere post og transportere fastbuande frå ein øy til ei anna. Siste stopp på den ordinære postruta er det idylliske fiskeværet Gåsvær, og her får ein moglegheit til å gå på land.

Gåsvær er ein gammal handelsstad, og ein får møte det lokale vertskapet. Etter stoppet på Gåsvær fortsetter båten nordover til Bulandet i Askvoll kommune. Her kan du utforske øyane på eiga hand før båten går i retur til Hardbakke. 

Utvær

Utvær er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Lysblinken frå det monumentale fyrtårnet frå 1900 når 35 kilometer ut i Nordsjøen. Om sommaren kan du bli med på fyrsafari frå Hardbakke til Utvær. 

FLOTT UTSIKT FRÅ FYRET: Utvær, som ligg 8 kilometer vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. Foto Vegard Vike Engum

Fyrsafari til Kvanhovden, Ytterøyane og Stabben fyr

Bli med MS Atløy på fyrsafari til Kvanhovden, Ytterøyane og Stabben fyr!

Turen går med veteranbåten MS Atløy på ein fantastisk rundtur i Florø-skjergarden.

Atløy er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphavleg stand. Båten gjekk i to mannsaldrar i lokale ruter over heile Sogn og Fjordane.

FYRSAFARI: Turen går med veteranbåten MS Atløy på ein fantastisk rundtur i Florø-skjergarden. Foto Laila Anita Schønhardt

Historiske Buskøy

Opplev historiske Buskøy på øyhoppingstur til Nord Solund. Bli kjend med historia og nyt den vakre naturen heilt ute i havgapet i Nord Solund. Her får du innblikk i stadens historie og dei ulike verksemdene som har vore drivne på den gamle handelsstaden.

Pilgrimscruise til Svanøy og Kinn

Bli med på eit magisk kystcruise frå Florø til to populære historiske reisemål: Sunnfjords perle Svanøy og sagaøya Kinn.

Kinn med Kinnakyrkja, ei av dei eldste steinkyrkjene i landet, og Svanøy med si vikinghistorie og herskaplege Svanøy Hovedgård, er begge nøkkelstadar i Kystpilegrimsleia. På denne guida dagsturen får du oppleve ei saga frå viking til pilegrim, vakker natur og levedyktige øysamfunn i den unike skjergarden kring Florø lengst vest i Noreg.

Sjå video frå vakre FjordKysten

Sagaøya Kinn

Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det cirka 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen.

I dag er det berre nokre få fastbuande på Kinn. På øya ligg ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen. Fjellveggen bak kyrkja reiser seg steilt opp, og den ruvande Kinnaklova er næraste nabo. Den berømte Kinnaklova er eit kjend seglingsmerke langs leia, som kan sjåast over store område.

 Opplev Sagaøya Kinn og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen! Med flott turterreng og lett tilkomst frå Florø, er Kinn eit populært turmål heile året.

Svanøy

Frå Florø går lokalbåten gjennom eit storslått landskap til Svanøy, kjent som «Sunnfjords perle». Svanøy er den sørlegaste og frodigste øya i Kinn kommune. På ein guida tur på Svanøy får du nærkontakt med hjorten på Norsk Hjortesenter. Kjekt for både liten og stor!

Svanøy si historie er mangfaldig og på den guida turen får du omvisning på vakre Svanøy Hovedgård som gjennom tida har vore både adelssete og bispegods. Svanøy er kjent for å produsere hjort og laks av høg kvalitet. Etter den guida turen kan du nyte eit herleg måltid med lokale råvarer. Guida turar går fast på sommaren og blir tilbudt på førespurnad resten av året. 

 Vil du oppleve meir av Svanøy er det også mogleg å leige sykkel på nærbutiken på kaia, og utforske øya på to hjul. Eller du kan ta beina fatt og sjekke ut dei mange blåmerka turløypene. I sommar er det også mogleg å bestille overnatting på den ærverdige Svanøy Hovedgård. Det er bilførande rutebåt mellom Florø og Svanøy 7 dagar i veka. 

SPESIELT MØTE: Norsk Hjortesenter ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på sørsida av øya. Her kan du ha møter og ete nydeleg mat i fred og ro, utan å bli forstyrra av verken andre folk eller mobiltelefonen din. Ei omvisning blant dyra vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme. Foto: Hjortesenteret.no

Unike overnattingsstader

Er du på utkikk etter ei oppleving utanom det vanleg? Då er fyrovernatting noko for deg! Kysten av Norge er langstrakt, og ein finn mange fyrtårn som loser sjøfarande trygt mot land. Langs FjordKysten er det fleire fyrtårn der det er mogleg å overnatte. 

Florø

Mot havet i vest ligg Norges vestlegaste by – Florø.

Her kan du nyte småbyidyllen med sjarmerande kaféar og fine butikkar i Strandgata, samtidig som du har kort avstand til spanande aktivitetar og spektakulære naturopplevingar. Bli med på ølsmaking på Kinn Bryggeri, besøk kystmuseet og utforsk den flotte kystnaturen.

Måløy

Med ryggen vendt mot havet, kobla saman med fastlandet av Måløybrua er Måløy eit av landets viktigaste fiskerihamner.

Bli sjarmert av Måløys gater, utforsk gatekunsten som pryder veggane i sentrum og høyr spanande historier frå krigen på Måløyraidsenteret. Her finn du originale bilete og film frå raidet 27. desember 1941 der over 560 engelske bomber fall over Måløy.

Du finn eit stort og fristande utval av butikkar i den små og trivelege handlegata, Gate 1. La deg bli frista av koselege kafear og restaurantar der du kan velje alt i frå fish and chips til sushi. 

I enden av Gate 1 finn du gjestebrygga i Måløy. Her har du gode fasilitetar som sanitærbygg med dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Det er tilgang til vatn og strøm, og medan du griller middag på kaia kan ungane leike på leikeplassen. 

Til toppen

Produsert av Schibsted Partnerstudio for Fjordkysten