Eg trur det er ei kjensle vi vestlendingar ofte får. Spesielt vi som har flytta til Oslo. Eller reist til Oslo for å «skapa oss», som Kjartan Fløgstad ville ha skrive.
Lær av vestlendingen
Vi vestlendingar likar som kjent å tru at det er vi som bygger landet.
Vi hentar opp gassen, olja, fisken og bygger dei mest avanserte båtane i verda.
Vi treng en skule med ambisjonar, om vi skal ha noko å leve av i framtida også. Dei siste åra har SV endra skulepolitikken sin vesentleg. SV hadde så vidt fått oss til å tru at også dei vil at skulen skal være ein stad for å lære, ikkje ein stad å være.
I det nye forslaget om sidemålsopplæring frå Utdanningsdirektoratet står det: «Dersom målet framleis skal vere at alle elevar blir like gode i skriftleg nynorsk som i skriftleg bokmål, må ein gå inn for å styrke lese- og skriveopplæringa på ein slik måte at elevane som har bokmål som hovudmål oppnår høgare meistring i sidemålet sitt.
Det medfører eit høgare ambisjonsnivå for sidemålsopplæring enn i dag.». Skal barna våre bli betre i norsk er det altså meir nynorskundervisning som må til, ikkje mindre.
Slik konkluderer ikkje SV. I staden er dei no tilbake til utgangspunktet: Er det for vanskeleg – fjern det. Gi ungane ein banan i staden.
Folk som har nynorsk som hovudmål er gjennomgåane dyktigare i norsk, viser det seg. Vi lærer nynorsk og bokmål parallelt gjennom heile livet, fordi vi les mykje bokmål utanfor skulen.
Kvifor ikkje?
Skal barn med bokmål som hovudmål bli like flinke, må undervisninga i sidemål starte allereie på barnetrinnet i følget Utdanningsdirektoratet. Ja, kvifor ikkje? Det kan ikkje vere vanskeleg å motivere ungane i dag til å lære nynorsk. Det beste av norsk barnekultur er på nynorsk.
Maria Parr sine bøker «Vaffelhjarte» og «Tonje Glimmerdal» har kome ut i 70.000 eksemplar og er seld til ni land. Ungane gaular Odd Nordstoga sine songar i snart kvar einaste barnehage.
Utan sidemål kjem dessutan latteren til å stilne i Norge. Det er ikkje muleg å vere verkeleg morosam på bokmål.
Vittig, lakonisk, ironisk, ja, men verkeleg morosame er ikkje bokmålsfolket.
Eg har enno ikkje lese ei setning av ein bokmålsforfattar, som både får meg til å le, som har referansar til verdslitteraturen og samtidig fortel meg noko sant om livet. Det kan berre Ragnar Hovland. Eller Kjartan Fløgstad.
Frå svensk til nynorsk
Eller når Stein Versto oversett bøkene om grisen Benny frå svensk og «dei kule grisane med fotballstøvlar» spør vesle Benny: «Kva er du for ein pussig type, med smokk?». Då er dei grisane kule, men samtidig litt stakkarslege. Det er ikkje «de kule grisene med fotballstøvler» som spør :«Hva slags pussig type er du, med smokk?».
Dei er berre dumme. Ikkje kule. Ikkje i nærleiken av å være kule, ein gong.

