Hovedinnhold

Solid og spenstig

Lars Mæhle: «Harry Houdinis elefant»

Ungdomsroman. Kr. 229,-. Samlaget

Denne saken handler om:

Å skrive originalt, truverdig, solid og ikkje minst engasjerande om tenåringsgutar er ikkje lett. I denne romanen frir forfattaren sjølvsagt til sine lesarar med drama kring øl og sex, men boka spelar likevel på varare strenger når alvor, liv og død blir skildra. Hovudpersonen Anders blir brått kontakta av sin ukjende far, som er døyande. Samstundes slit han med å finne grensa mellom integritet og lengsla etter samkjensle i ein kameratflokk prega av brutalitet og hierarki. Det blir ei reise på fleire plan, herleg fri for moralisme.

Språket er heller rått tilhogge, og kler dei mange pussige fakta-rekvisittane forfattaren legg inn. Å eige land på månen og elske ukjende 60-talsband er kanskje ikkje standard sekstenåring, men boka vil snakke til alle som kjenner seg litt annanleis og på leit etter eigen kurs i ei ofte forvirrande verd. Mogninga som skjer med hovudpersonen er godt skildra, spesielt dei tristaste scenene er poetiske og framstår svært finstemte. Så får det heller vera at forfattaren går vel langt i skape spenningsboblar og krydderi med mykje rus, ugagn, oppkast og valdelege leikar i transportetappene. Bakteppet av vaksenpersonar kunne også vore betre utpensla, dei blir berre statistar og gjer sjølve hovudforteljinga noko uryddig.

MAY GRETHE LERUM

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Bok

Se neste 5 fra Bok