Hovedinnhold

Sjarmerande prisvinnar

Bjørn Sortland:: «For så høgt har eg elska»

(Vinnar av Gyldendals konkurranse om beste kjærleiksroman 2003). 366 sider Kr. 349,- Gyldendal

Denne saken handler om:

Når kjærleik er emne, skal det ei god hand til for å skape noko nytt.

Bjørn Sortland greier dette, og vinn med sin stødige dramaturgi og sitt erfarne, personlege språk. Sjølve forteljinga er også original: Ein ung misjonærson må oppsøke minneverda si når ei svært elska kvinne forsvinn.

Den fysiske vegen frå Noreg til Amazonas er likevel for inkje å rekne om ein jamfører med reisa han må gjere i barndom, sjel og hjarte. Romanen fokuserer på den forbodne kjærleiken, og bringar lesaren i tillegg mangslungne tankar om kjærleikens mange andre andlet. Gjennom forteljinga om den lett nevrotiske hypokonderen Johannes maktar Sortland å generalisere sjølve kjærleikens essens: Lengten og nærleiken som aldri kan smelte saman. Han gjer det endåtil på ein både underhaldande og klok måte.

Mange andre forfattarar kunne risikere å dra orda sine ned ved å illustrere eigen tekst med små drodleri. Også dette er vellukka når Sortland lèt pennen flyte fritt mellom sjangrar, resultatet er artig, lettlese, tankevekkjande - og lett å like.

MAY GRETHE LERUM

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Bok

Se neste 5 fra Bok