Hovedinnhold

Debutant som sparkar hardt frå seg

Bokanmeldelse: Therese Tungen: «Ein gong var dei ulvar»

<p>SOLID NOVELLDEBUT: «Therese Tungen skriv  noveller som eg sjølv kunne tenkt meg å skrive, men som eg ikkje får til.» skriv VGs kritikar Brynjulf Jung Tjønn om Therese Tungens aktuelle og skakande noveller.</p>

SOLID NOVELLDEBUT: «Therese Tungen skriv  noveller som eg sjølv kunne tenkt meg å skrive, men som eg ikkje får til.» skriv VGs kritikar Brynjulf Jung Tjønn om Therese Tungens aktuelle og skakande noveller.

Foto: Pernille Blåfjell Walvik
Noveller: Therese Tungen debuterer med superaktuelle og skakande noveller.

Denne saken handler om:

Forrige laurdag fekk fleire hundre tusen nordmenn med seg høggravide Sylvi Listhaug som gjest hos Anne Lindmo på NRK. Ein skulle tru at forfattardebutant Therese Tungen hadde skrive novella «Slutten på ein karriere» rett etterpå. 

Lest? Minst 25 korsbilder av Listhaug

Men det har ho sjølvsagt ikkje. Derimot er det nesten skummelt kor aktuell Tungen er. Ho skriv nemleg om ein høggravid statsråd som gjestar eit populært talkshow og forsvarer at ho hadde med seg eit tv-team på jakt etter innvandrarar som oppheld seg ulovleg i Norge.

Flere noveller: Gryttens novelle-comeback er knallbra!

BOK

Therese Tungen

«Ein gong var dei ulvar» (Aschehoug)

Sider: 266

Pris: 349 kr

Novella kan heilt klart tolkast som eit spark til Listhaug. Men det er ikkje det som er hovudpoenget i historia. Programleiaren er uroa over alle nettrolla som vil kravle fram, når ho stiller den innvandringskritiske statsråden til veggs på direktesendt tv. Men det viser seg at ho er i større fare enn ho kan ane.

Aktuell er Tungen også med novella «Dyr som pustar»: Ein kommunikasjonsrådgjevar får sparken og ser for seg ei dyster framtid, der ho må jakte på nye jobbar i ein vanskeleg mediabransje. Tungen låner element frå horrorsjangeren. Eit merkeleg dyr dukkar opp. Er det daudt eller ikkje? Og kvifor veks det svarte, lange hår på kroppen til hovudpersonen?

Om forfatteren:

Therese Tungen (f. 1977) kjem frå Gudbrandsdalen, men bur i Oslo. Ho har mange års erfaring som redaktør i ulike forlag, og arbeider no i Samlaget. Ho har også jobba som kritikar i Morgenbladet og Klassekampen.

Lest? Høstens store debutant-snakkis

Det er likevel andre tekstar i novellesamlinga «Ein gong var dei ulvar» som gjer sterkare inntrykk på meg. Til dømes «Ungane»: Ei mor har reist frå tre små barn i jula. Straumen går. Butikkane er stengde. Og barna har nesten ikkje mat. Og i nattbordsskuffen finn dei ein ladd pistol. Denne novella skakar meg mest i Tungen sin solide novelledebut.

Tungen skriv nemleg noveller som eg sjølv kunne tenkt meg å skrive, men som eg ikkje får til. Forteljingane er lange, men likevel konsentrerte. Dei stansar akkurat når dei skal. Som om forfatteren lokkar lesaren med seg fram til eit stup, og der, rett før stupet, stoppar og forsvinn og overlét lesaren til seg sjølv.

Siste: Jojo Moyes klar med ny «Et helt halvt år»-oppfølger

Det er mykje døde dyr og gørr. Komikken ligg rett under overflata i nokre av historiane, men bikkar ikkje over i harselas eller klisjé. Som kvinna i forteljinga «Det går bra med dei aller fleste», ho som driv småskalagardsbruk som alle flirer av, også mannen. Ho er uroleg for om dyrlegen gjer ein god nok jobb når han skal kastrere to små geitebukkar.

Tungen er aller best når ho lét tempoet falle. Når språket styrer handlinga og ikkje omvendt. Ho har eit nydeleg, dempa språk, og skriv eit nynorsk som nyttar mange dialektord og lokale uttrykk. Litt mindre gode blir novellene kor handlinga verkar å vere det viktigaste, der spenninga er for påfallande, som i nemnde «Slutten på ein karriere».

Therese Tungen er debutant, men inga novise i bokverda. Ho har brei redaktørbakgrunn frå fleire forlag. Dei siste åra har det kome ei rekke sterke, unge kvinnelege forfattarar med forlagsbakgrunn. Ruth Lillegraven, Monica Isakstuen, Tiril Broch Aakre og Marie Aubert har alle noko å fare med. Det same har Therese Tungen.

Anmeldt av: Brynjulf Jung Tjønn

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Bok

Se neste 5 fra Bok