Hovedinnhold

Vakker og lågmælt forteljing

Bokanmeldelse: Brynjulf Jung Tjønn: «Alt det lyse og alt det mørke»

<p>BARNESINN I KRISE: Brynjulf Jung Tjønn (36) skriv omsorgsfullt om omsorgssvikt i sin nye roman «Alt det lyse og alt det mørke».</p>

BARNESINN I KRISE: Brynjulf Jung Tjønn (36) skriv omsorgsfullt om omsorgssvikt i sin nye roman «Alt det lyse og alt det mørke».

Foto: Fredrik Arff
  • Send en melding til
Brageprisvinnar Brynjulf Jung Tjønn (36) skriv engasjerande og drivande godt om omsorgssvikt i sin nye roman «Alt det lyse og alt det mørke».

Denne saken handler om:

NB! Sidan Brynjulf Jung Tjønn sjølv er bokmeldar i VG, har me fått ein ekstern bokmeldar til å vurdere boka: Sindre Ekrheim - som mellom anna melder bøker for Dag og Tid og også skriv poesibloggen Humbaba – som er verdt å følgje med på for alle poesielskarar.

Omsorgssvikt er eit aktuelt og usliteleg tema, også i skjønnlitteraturen. Slike saker har ofte fleire enn ei side. Brunjulf Jung Tjønns roman står last og brast med barnet og syner fordomsfritt korleis omsorgssvikten artar seg frå eit barn si side.

Romanen startar når mora Vibeke og dotter hennar Hildegunn møtest. Dei har ikkje hatt noko med kvarandre å gjere sidan Hildegunn var lita. Romanen nøstar i den fortida som førde dei bort frå kvarandre.

Bok

Roman

Brynjulf Jung Tjønn

«Alt det lyse og alt det mørke»

Cappelen Damm

304 sider

379 kr.

Det er ei lågmælt, ven og dramatisk forteljing som spelar seg ut mellom bokpermane i den nye romanen til Tjønn. Tjønn, som også er bokmeldar, er ein prisløna forfattar. I 2013 fekk han Brageprisen for ungdomsromanen «Så vakker du er».

Om forfattaren:

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) debuterte med romanen «Eg kom for å elske i 2002» og fekk Brageprisen for ungdomsromanen «Så vakker du er» - som òg er blitt til ei teaterframsyning. I fjor kom Tjønn med barneboka «Den finaste historia» som fekk svært god kritikk. Brynjulf Jung Tjønn er redaktør for litteraturtidsskriftet BLA. Han er også fast bokmeldar i VG.

Hovudpersonen i forteljinga er Vibeke. Ho veks opp med aleinefaren på ein liten stad. Trass i at faren har eit alkoholproblem, strevar og ikkje får dreis på yrkeslivet, er han ein god omsorgsperson. Då faren har fått oppdraget med å byggje den nye kyrkja i bygda, ser livet ut til å ordne seg for dei.

Terningkast 6: «Beste krim på lenge»

Ein ekkel, fordømande peikefingermoralist av ein prest set ein stoppar for byggjeprosjektet. Utan eit ord eller forvarsel forlét faren veslejenta og bygda for godt.

Vanskane stoppar ikkje her. Vibeke vert riven opp med røtene og flyttar til ei ugift tante, som er ein nokso gåtefull skikkelse. Nye vendepunkt, som kastar djupe skuggar over livet til Vibeke, kjem til å avløyse kvarandre utover i romanen.

Stundom får ein assosiasjonar til nokre av Tarjei Vesaas’ romanar og noveller der han skreiv om ungar i ekstreme situasjonar.

Fikk med deg? Norsk erotikk bedre enn «Calendar Girl»

Romanen til Tjønn imponerer med det gjennomførte og solidariske barneperspektivet. Det gjer at lesaren opplever dei kjenslemessige opp- og nedturane frå den svikne ungen si side. Frå den sida fortonar saka seg samansett. Barnet formidlar ikkje berre frykt, redsle og harme, men også djup lengt etter faren og hunger etter nærleik. Allereie tittelen på boka, «Alt det lyse og alt det mørke», ber bod om desse nyanseringane.

Lest? Høstens store debutant-snakkis

Mykje av kvaliteten i romanen ligg i det konkrete, enkle og reine språket som høver så godt til historia og situasjonane som ikkje er enkle å kommunisere. Iblant når underteikna kjenner at handlinga held på å bikke over i det tåredryppande, vert den melodramatiske tendensen motarbeidd av ein reinskoren forteljeteknikk som ikkje unødig penslar ut dei dramatiske høgdepunkta.

Tjønn har komponert ei drivande og engasjerande historie.

Meldt av: Sindre Ekrheim.

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Bok

Se neste 5 fra Bok