Hovedinnhold

Endeleg kan «verdas tyngste kvinne» smila igjen

<p>FØR OPERASJONEN: Eman Ahmed Abd El Aty er her avbilda før operasjoen, som indiske legar i går fortalde hadde gått bra.</p>

FØR OPERASJONEN: Eman Ahmed Abd El Aty er her avbilda før operasjoen, som indiske legar i går fortalde hadde gått bra.

Foto: Indranil Mukherjee, AFP
Det er ingen spøk å vera overvektig. Det er Eman Ahmed frå Egypt smerteleg klar over. Ein fedmeoperasjon har derfor gjort livet lystigare for 36-åringen.

Denne saken handler om:

– Ho er veldig glad. Ho starta å dansa i senga si. Smilet hennar er kome tilbake, fortell Muffazal Lakdawala, legen som utførde operasjonen på eit sjukehus i India, til CNN.

<p>LEGEN: Muffazal Lakdawala utførde operasjonen.</p>

LEGEN: Muffazal Lakdawala utførde operasjonen.

Foto: Indranil Mukherjee, AFP

Reisa dit var alt anna enn enkel for kvinna som ifølgje familien vog 500 kilo før operasjonen. Ikkje bare fordi det er praktisk vanskeleg å få ein person med denne storleiken inn på eit fly, noko som vart løyst med eit lastefly, men og fordi Eman ikkje hadde råd til ei slik reise og ein slik operasjon.

Det hjalp derimot legen til med. Det var etter at Eman si syster Shaimma skreiv om ho på sosiale medier at han vart merksam på henne.

Lakdawala tok då sjølv til sosiale medier for å samla inn pengar slik at ho kunne koma til India for å verta operert. Då Eman fyrst blei nekta visum tok legen igjen grep. Han henvende seg direkte til India sin utanriksminister på Twitter. Ho lova på si side å hjelpa.

Dermed kunne 36-åringen setja kursen austover, for å få lagt seg på operasjonsbordet.

Vektklubb: Les meir om fedmeoperasjonar

Der har doktor Lakdawala sørga for at kvinna har mista over 100 kilo sidan ho kom til sjukehuset i New Delhi i februar. I fjor sa legen følgande:

– Ho kjempar for livet kvar einaste dag. Ho er som ei levande bombe, som kan eksplodera kva tid som helst.

Før operasjonen har ho vore lenka til senga etter eit slag, som blant anna har gått ut over taleevna hennar. Sjølv om ho ifølge legen ein fedmesjukdom, var det i etterkant av dette pila på vektskåla verkeleg byrja bli illevarslande.

Les også: Denne nyfødte guten vog 8,7 kilo

No er ting altså betre. Legen fortel at ting har stabilisert seg. Blant anna er nyrene no mykje friskare. Ho har òg fått i seg næring etter operasjonen. Legen er likevel ikkje ferdig. Han håpar å kunna fjerna opp mot 80 kilo til før ho reiser attende til Egypt innan eit par månadar.

Lakdawala har og planar om å gjennomføra minst ein operasjon til neste år.

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Øyvind Solstad

Har du en mening om denne saken? Vi løfter ofte opp de beste kommentarene! Du må bruke ditt egentlige navn, vær saklig, respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.
Vennlig hilsen Øyvind Solstad, ansv. for brukerinvolvering og sosiale medier i VG.
Les mer om vår moderering

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Utenriks

Se neste 5 fra Utenriks