Hovedinnhold

Absurddiplomati nær stupet

<p>ABSURD: – President Erdoğan virkar villig til å kaste heile forholdet til Europa på båten for å vinne grunnlovskampen. Då er det skremmande å tenkje på kva han gjer viss han taper, skriv Morten Myksvoll.</p>

ABSURD: – President Erdoğan virkar villig til å kaste heile forholdet til Europa på båten for å vinne grunnlovskampen. Då er det skremmande å tenkje på kva han gjer viss han taper, skriv Morten Myksvoll.

Foto: Yasin Akgul, AFP
Ei av dei mest absurde diplomatiske krisene utspant seg i helgen. «Tulipankrisa» mellom Nederland og Tyrkia er eit grelt eksempel kor ille det kan gå når heile planen er å setje hardt mot hardt.

Denne saken handler om:

Delta i debatten?

Send ditt innlegg til debatt@vg.no

eller

SMS med kodeord sidet til 2200

MORTEN MYKSVOLL, redaktør tyrkiskpolitikk.no

Tyrkiske politikarar har denne våren ønskja å drive valkamp i ei rekkje EU-land som husar ein stor tyrkisk minoritet. Dette er folk som har stemmerett i Tyrkia, og som primært regjeringspartiet AKP vil nå fram til. Dei treng all den støtta dei kan få inn mot folkeavstemminga 16. april, der ei ny grunnlov står på spel.

<p>Morten Myksvoll.</p>

Morten Myksvoll.

Tyskland har klart å handtere dette på eit lågt nivå, utan å involvere regjeringa. Frankrike ser ut til å ha tillatt eit valmøte. Austerrike og Danmark vil seie nei. Noreg har fått besøk i dag. Nederland, derimot, utstedte eit landingsforbod for den tyrkiske utanriksministeren, Mevlüt Çavuşoğlu. Dette var i går formiddag. Seinare på dagen forsøkte Fatma Kaya, familie- og sosialministeren, å komme seg fram til konsulatet i Rotterdam med bil. Målet var å halde ein valtale.

Tonen mellom nederlandske og tyrkiske myndigheiter vart svert oppheita etter landingsforbodet. Sjølv om det var snakk om eit partiarrangement og ikkje eit statsbesøk, er det rimeleg spesielt å nekte ein utanriksministerkollega i NATO å lande flyet sitt. Erdoğan trua med sanksjonar, både før og etter forbodet, og samanlikna den nederlandske regjeringa med nazistar.

Les også: Tyrkia: – Vi skal ta igjen på hardeste vis

Hugs at dette er det landet som har hatt det lengste forholdet til Tyrkia. Det offisielle forholdet har vart i 405 år, og det er frå det osmanske riket Nederland fekk tulipanane sine.

Nazianklaga kom før det heile hadde tatt verkeleg av. Det tok Fatma Kaya seg av. Bilen hennar kom seg fram til konsulatet, men der vart ho møtt av nederlandsk politi. Ein stillingskrig pågjekk i fleire timar, der ho nekta å gå ut av bilen. Ei stund etter at politiet hadde fått ordre om å arrestere og deportere statsråden, begynte ho å køyre tilbake mot Tyskland. Tilbake stod hundrevis av tyrkiske demonstrantar, og nederlandsk politi valgte å ta i bruk vannkanonar for å spre demonstrantane.

Få flere kronikker og kommentarer: Følg VG Meninger på Facebook!

Tyrkia sin motivasjon for å køyre på, uavhengig av motstand, er ikkje så vanskeleg å skjønne. Konfrontasjon med Europa speler seg rett inn i den retorikken regjeringspartiet brukar i valkampen heime. EU ønskjer å halde Tyrkia nede, seier dei. Derfor er EU mot den nye grunnlova, og derfor kritiserer EU situasjonen for media og for menneskerettane, seier dei. No fekk dei ein situasjon der Nederland nekta tyrkarar å tale av hensyn til samfunnstryggleiken – den same grunnen Tyrkia sjølv bruker for å stoppe ytringar – og dei fekk til og med eit medieforbod på kjøpet. Nederland nekta nemleg fleire tyrkiske journalistar frå Anadolu Ajansi og TRT å komme inn i landet, for å dekke saka i Rotterdam.

Det er vanskeleg å sjå på denne tulipankrisa som noko anna enn ein gigantisk propagandasiger for den tyrkiske regjeringa – ja-sida i folkeavstemminga. 

No snakkar Erdoğan med fornya styrke om kor hyklerske europearane er, og Nederland gav han dette poenget nær gratis. Med ein ja-valkamp som slit i motbakke var dette kanskje det Erdoğan trengte.

Den nederlandske motivasjonen er heller ikkje så vanskeleg å få auge på. Det er få dagar til parlamentsvalet, og alle fryktar at Gert Wilders og høgrepopulismen hans skal få makt. Dette kunne vere eit mottrekk. Vise at ein var tøff mot Tyrkia, og stod imot. Slik kvelden utvikla seg, derimot, kan ikkje det vere noko anna enn ei gigantisk tabbe.

Det er lett å gi Nederland rett i at tyrkiske politikarar ikkje burde drive nasjonal valkamp i utlandet. Det er til og med forbudt etter tyrkisk lov. Den nederlandske statsministeren hadde neppe sett for seg tyrkiske demonstrantar som ropte Allah’u Ekber i Rotterdam sine gater. No er det vanskeleg å sjå på det som noko anna enn godt nytt for Wilders.

Den andre store taparen i dette må vere vanlege muslimar. Nasjonalistar på begge sider skulle vise at dei ikkje ga seg i møte med motstand, men viss det betyr at Wilders kjem styrka ut, vil muslimar tape stort. Han har gått til val på ein kategorisk motstand mot islam. Han vil forby religionen frå Nederland. Det er rart at ei tyrkisk regjering, som er svært kritisk til alt som luktar av islamofobi, kan finne på å provosere fram ein situasjon der islamofoben kan vinne.

Tulipankrisa er den mest spente, men ikkje den einaste konflikta Tyrkia har med Europa. Mange europeiske land, inkludert Noreg, har mottatt asylsøknadar frå tyrkiske offiserar etter kuppforsøket i 2016.

Dei er mistenkt for å vere medlem av organisasjonen som er mistenkt for å ha leia kuppet, og nektar å reise heim. Der sakene har fått mest merksemd, i Tyskland og i Hellas, har landa blitt anklaga for å huse terroristar. Samarbeidet med Tyrkia heng i dag i ein tynn tråd, og alt ein no har til felles er flyktningavtalen som no er eitt år gamal. I det klimaet som rår no vil det ikkje overraske om Tyrkia trekk seg frå avtalen, og flyktningane igjen kan krysse fritt over til Europa. I alle høve viss det absurde diplomatiet som utspelte seg over hendingane i Rotterdam skal fortsette.

Krisene med Europa viser kor langt tyrkiske myndigheiter er villige til å gå for å presse gjennom folkeavstemminga om ny grunnlov. Den vil samle meir makt hos Erdoğan, og har vore alt tyrkisk politikk har handla om dei siste åra. Erdoğan virkar villig til å kaste heile forholdet til Europa på båten for å vinne grunnlovskampen. Då er det skremmande å tenkje på kva han gjer viss han taper. 

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Øyvind Solstad

Har du en mening om denne saken? Vi løfter ofte opp de beste kommentarene! Du må bruke ditt egentlige navn, vær saklig, respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.
Vennlig hilsen Øyvind Solstad, ansv. for brukerinvolvering og sosiale medier i VG.
Les mer om vår moderering

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Meninger

Se neste 5 fra Meninger