Hovedinnhold

Kvifor er det bondekrise?

TAR GREP: Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) ynskjer eit landbruk over heile landet, og ho ynskjar auka norsk matproduksjon. - Kvifor høyrer me berre enkelte spreidde jubelrop frå bondestanden, skri Aasmund Nordstoga. Tegning: ROAR HAGEN.
TAR GREP: Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) ynskjer eit landbruk over heile landet, og ho ynskjar auka norsk matproduksjon. - Kvifor høyrer me berre enkelte spreidde jubelrop frå bondestanden, skri Aasmund Nordstoga. Tegning: ROAR HAGEN.
Er det verkeleg krise hjå den norske bonden? Me bønder har då alltid noko å klage på, så kva er så nytt at VG sette det opp på fyrstesida? Jau, no er det så ille at neste generasjon ikkje vil overta elendigheten - altså garden.

Delta i debatten?

Send ditt innlegg til debatt@vg.no

eller

SMS med kodeord sidet til 2200

AASMUND NORDSTOGA, bonde og visesongar

Dette har landbruks- og matminister Sylvi Listhaug forstått.

Attraktivt

Aasmund Nordstoga.
Aasmund Nordstoga.

Ho seier at ho vil føre ein politikk som gjer det attraktivt å bli gardbrukar. Ho vil føre ein politikk som slankar stønadsordningane og spissar tilskota til fordel for den som vil vera bonde på heiltid. Ho vil ta vekk ordningar som set begrensingar på produksjonsvolum, slik at bonden kan produsere så mykje han eller ho vil og kan.

Bonden skal setjast fri frå konsesjonsgrenser, regulering og kvoter. Listhaug ynskjer eit landbruk over heile landet, og ho ynskjer auka norsk matproduksjon.

Kvifor høyrer me berre enkelte spreidde jubelrop frå bondestanden?

Ja, bortsett frå at bønder generelt seier lite og sparkar litt i grusen, så er det nok ikkje blygskap og mangel på talegåver som er grunnen til jubelmangelen.

Samvirke

Norske bønder veit veldig godt at norsk landbruk er organisert på ein unik måte - ein måte som no står under press, og ein måte som gjer at bøndene slepp å konkurrere om kvantum og pris på produkta sine.

Norske bønder har nemleg organsiert seg i samvirke. Bøndene har gått saman på eigarsida i mølle, meieri og slakteri. Desse heiter Felleskjøpet, Tine og Nortura. Felleskjøpet er også ein stor forhandlar av varer som landbruket treng, altså ein butikk om lag som COOP.

Samvirka vart danna for å sikre lik pris for lik kvalitet for alle produsentar uavhengig av storleik og avstand, og dei vart danna i krisetider då landet mangla mat.

Det er ingen einskilde «kapitalistar» som eig desse store bedriftene. Det er rett og slett bøndene som eig Felleskjøpet, TINE og Nortura.

Desse bedriftene har i tillegg til å produsere, foredle og selgje mat, ei viktig rolle i det som vert kalla marknadsreguleringa.

Svært forenkla vil det seie at TINE og Nortura har plikt til å hente mjølk og kjøt frå alle små og store bruk som er medlem - heilt uavhengig av avstanden til meieriet/slakteriet. Det er bra for bonden.

Men dei har også plikt til å levere sine produkt til kvar einaste vesle butikk i heile landet uansett avstand. Det er bra for forbrukaren.

Og så syter samvirkebedriftene for prisutjamning. Det er bra for dei som driv gard langt frå meieri og slakteri.

Men dette kostar sjølvsagt, og det er denne kostnaden Ole Robert Reitan er så forarga på. Han vil at bonden og kjøpmannen skal få større del av mjølkeprisen, men då vil altså dei som driv gard langt frå meieriet, og gjerne smått også, bli skvisa ut.

Spesialprodukt

Etter at Arne Brimi for rundt i lag med Gutta på tur har medvetet om norske matvarer, råvarer og mattradisjonar verkeleg skote i veret.

Me har fått fram ei mengd fantastiske produkt som forbrukarane set stor pris på. Foredling av eigne råvarer er for mange ein viktig del av næringsgrunnlaget på garden.

På min gard leverar me både mjølk og kjøt til lokale småskalaprodusentar. Men som hjå dei aller fleste som leverar til småskalaproduksjon, er det ikkje alltid at det passar å levere, eller det passar ikkje å ta i mot. Då er det som regel TINE og Nortura som tek i mot.

Dei store samvirkebedriftene tek altså RESTEN av mjølka og RESTEN av kjøtet, og gjer at ein har avsetjing når den lokale foredlaren ikkje kan taka i mot.

Samvirkebedriftene er altså eit vilkår for at me har så mange fantastiske spesialprodukt å by på over heile landet.

Det vanskelege landet

Noreg er eit vanskeleg land å temje. Her er så flust med berg, vatn, bratte lier og steinete vidder! Det er rett og slett grenser for kor mykje ein kan rasjonalisere og kor mykje ein kan slå i hop. Det går rett og slett ikkje an å slå i hop fire-fem fjellgardar til ein.

Teigane er små mellom bergskortene, og det er grenser for kor mykje ein greier å slå i løpet av ein stutt vekstsesong.

Husdyra ein samlar fór til, lagar også eit biprodukt som krev eit visst spreieareal for at ein ikkje skal bli miljøversting. Her snakkar me altså om traktorkøyring - mykje traktorkøyring - dersom ein skal opp i bruksstorleik på 60-70 mjølkekyr.

Det kostar altså veldig mykje meir å produsere mat i fjellbygdene enn det gjer i landbruksområda kring Stavanger, Oslo, Trondheim og Hamar. (Det er ikkje billig der heller, forresten).

*Dersom ein vil ha landbruk i heile Noreg må ein ikkje ta vekk dei ordningane som gjer at bøndene slepp å konkurrere seg i mellom om kvantum og pris.

*Dersom ein vil ha landbruk i heile Noreg må ein sjå at det er store regionale forskjellar, og ta omsyn til det.

*Dersom ein ynskjer ein rik flora med lokalmat/tradisjonsmat, må ein syte for at råvareprodusenten også får selt det småskalaprodusenten ikkje kan ta i mot.

*Dersom ein ynskjer ein optimistisk generasjon til å ta over det norske gardsbruket, må det vera von om at garden vert til å leva av og ikkje berre å leva for.

Politisk skifte

I Noreg har det i heile etterkrigstida vori politisk vilje til å oppretthalde spreidd busetjing og matproduksjon over heile landet. Det har ikkje alltid vori like vellukka, og norske bønder har ofte teki seg ein tur til hovudstaden for å markere misnøye med landbruksoppgjer og -politikk.

Men no ser me eit skifte. No er den norske bonden usikker på den politiske viljen.

Usikker på viljen til vid matproduksjon på heile landets dyrka og dyrkbare areal. Usikker på om det norske folket eigentleg ynskjer norskprodusert mat.

Derfor er det bondekrise.

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Meninger

Se neste 5 fra Meninger