Hovedinnhold

Eg snakkar om fridomen

<p><b>NASJONALHELT:</b> Her mottar kronikkforfatter Ragnar Ulstein Forsvarets hederskors i forbindelse med markeringen av frigjøringsjubileet og Forsvarets veterandag på Akershus festning, 8. mai 2015.</p>

NASJONALHELT: Her mottar kronikkforfatter Ragnar Ulstein Forsvarets hederskors i forbindelse med markeringen av frigjøringsjubileet og Forsvarets veterandag på Akershus festning, 8. mai 2015.

Foto: Terje Pedersen, NTB scanpix
Fridomen skal ikkje tilpasse seg noko som helst. Det er vi som skal tilpasse oss fridomen.

Denne saken handler om:

AV: Ragnar Ulstein, løytnant i Kompani Linge og krigshistoriker (95)

Vi er berre nokre få igjen. Eldgamle er vi blitt, kanskje litt sløve av alder, men skarpt går vi opp igjen minnestigar, tråkka i så ofte godt over sytti år.

Langt bak på reisa har vi 9.april 1940, Norge i ferd med å bli tatt av tyske styrkar, men berga frå totalt nederlag av oberst Birger Eriksen som senka kryssaren Blücher med tropper som skulle ta riksmakta til fange.

Norge berga for andre gang på Elverum, då eit samla Storting gav regjeringa fullmakt til å fortsette kampen til landet var blitt fritt igjen.

Men bak oss er også september 1940, då Stortinget, innkalla på fiendens ordre, har snudd og vedtar å be Kong Haakon abdisere, eit riksråd skal leie landet gjennom krigen.

Eg står her og hugsar sinnet i mange unge og gamle, hugsar at før og under forhandlingane drog eit hundretals båtar med frivillege vestover for å gå i Kongens teneste. At etter desse dialogane med fienden drog endå 200 båtar mot det britiske øylandet. Godt over 3000 trassa dødsstraff ved å forlate landet, i fiskeskøyter eller endå mindre farty, like ned til 18 fot. Nokre omkom vestover i kajakkar, Omkring 80 andre miste livet undervegs. 300 betalte for denne farten med livet i dødsleirer eller framfor eksekusjonspeletongar. Det var ei usynleg flamme i desse karane som reiste seg, gjekk inn i motstand heime eller tok seg ut av landet, mot vest og mot aust - dei siste med tanke om å kome seg over til norske styrkar i Storbritannia.

Mange drog frå Sverige jorda rundt og kom fram, om lag eit halvt år seinare. Det var mange glade fjes i desse som endeleg var på rett plass i historia. Kontrasten til stortingsfleiralet spring i auga som hadde valt dialog med erobraren. Dei hadde sine grunnar. Hitlers styrkar stod året etter ved Moskva og dei stod klar til å gå inn i Egypt og Midtausten.ved Egypt. Men eg ser ennå for meg denne skaren av unge nordmenn. Dei kom seg inn i krigen, på kvar sin plass.

Nokså raskt kom tapa. Lingekarar kom ikkje tilbake frå oppdrag. Tap vart det og på andre frontar. Ein englandsfarar frå Ulsteinvik, ny-utdanna styrmann, gjekk ned med skipet på sin første tur.

Jan Baalsrud drog med ti mann på sabotasjetokt til Troms, blir angitt og mister nimann.

Krigen slutta ikkje så raskt som mest alle trudde. Ofte gjekk heimlengten som eit søkk gjennom gjengen. Vi gjenoppdaga songane frå Norge som spedde på med tru og humør.

Det gjekk vel med Norge, trass i svære tap på alle hav. Hitler var i januar 1942 så sikker på at skjebneslaget i krigen kom til å stå i Norge. Våre små raid i Lofoten og Måløy fekk han til å sende hundretusen nye soldatar og eit par tusen kanoner til Norge. Til all lukke for oss tok han feil. Skjebneslaga laga eit raudt belte frå Normandie til Moskva.

Og sjøkrigens skjebneslag vart avgjort i Atlanterhavet. Mange av gutane frå mine kantar var med der, somme på lasteskip, dei fleste på eskortefartøy.Det gjekk gode ord om dei fem norske korvettane ,«Montbretia», «Eglantine», «Rose», «Acanthus» og «Potentilla».

Dei var med i dei store sjøslaga, særleg i 1942, I eitt av dei gjekk «Montbretia» tapt. Eg har høyrt mange gastar frå korvettane og jagararane fortelle om kampen mot ubåtane, og skjønar ikkje korleis dei kunne leve etterpå med sine traumar. Eit under at så mange greide det. Ja, det var sår på sår og det tok skammeleg lang tid før Stortinget 23 år etter krigen vedtok ei ny pensjonslov som hjelpte mange tusen krigsveteranar.

Måtte den fridom dei sette livet inn for stå fast. Stå som ei søyle i landet vårt. Må slekt etter slekt vakte den. Nye folkeslag er komne til landet som flyktningar eller arbeidsfolk. Mange av dei ber med seg ein religion, ujustert frå mellomalderen. I mangt er den i strid med våre verdiar og vår dyrkjøpte fridom.

Lat oss då for all framtid hugse. Vi vann att ei gåve som vi gir nykomarane og våre eigne barn, det er den søyla eg snakkar om, fridomen. Den skal ikkje tilpasse seg dei eller oss. Det er vi som for alltid skal tilpasse oss fridomen.

PS. Ved en feil er det dessverre trykket bilde av feil person knyttet til denne kronikken i VGs papirutgave 8. januar.

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Meninger

Se neste 5 fra Meninger