Hovedinnhold

Vi som elskar Kina

<p>MIDTENS RIKE: – Noreg treng ein systematisk og gjennomarbeid Kina-strategi. Den må gjennomsyre norsk samfunnsliv og politikk, ikkje berre UD og nokre bedrifter, skriv Bård Vegar Solhjell.</p>

MIDTENS RIKE: – Noreg treng ein systematisk og gjennomarbeid Kina-strategi. Den må gjennomsyre norsk samfunnsliv og politikk, ikkje berre UD og nokre bedrifter, skriv Bård Vegar Solhjell.

Foto: BJØRN THUNÆS, VG
La oss tenke eit hårete mål: At Noreg skal vere det europeiske landet som forstår Kina best innan 2030.

Denne saken handler om:

Delta i debatten?

Send ditt innlegg til debatt@vg.no

eller

SMS med kodeord sidet til 2200

BÅRD VEGAR SOLHJELL, stortingsrepresentant (SV)

For ein forskjell eit år gjer. Vi var i fryseboksen. No står tilhøvet til Kina fram løfterikt. Utanriksministeren og hans dyktige embetsfolk har gjort eit viktig arbeid med å normalisere tilhøvet til landet. Men den viktigaste jobben står att: Å førebu Noreg på at Kina blir verdas leiande økonomi, ei supermakt plassert midt i den mest folkerike og dynamiske verdsdelen, Asia.

<p>Bård Vegar Solhjell.</p>

Bård Vegar Solhjell.

Foto: JØRGEN BRAASTAD, VG

I 1997 reiste eg rundt i Kina som ryggsekkturist i tre månadar, og vart forelska i dette fantastiske landet. Den stolte historia. Den unike kulturen. Mange flotte menneske. Eit land så ulikt vårt eige, og samstundes storslått og avansert.

Det var ingen spøk å reise åleine i Kina i 1997. Det var folk overalt, men få eller ingen snakka engelsk utanfor dei største byane. Når du ikkje kan lese teikna, og det var særeigne reglar og kulturkoder knytt til alt frå mat og samtale til å kjøpe bilettar, kunne kvardagen bli tøff.

Mange var uvande med å treffe ein «laowai», ein utlending. Ein gong, på ein buss-stasjon i den lite utvikla Guizhou-provinsen, kom ein nysgjerrig mann opp til meg bakfrå og reiv eit hårstrå av leggen min! Hårete leggar var eit skjeldant syn, og med ei mindre intimsone og færre sperrer var det vel freistande å sjekke. Eg vart rysta, men kinesarane rundt lo seg skakke. Til sist lo eg med.

Det er eit heilt anna Kina som møter den norske delegasjonen dit. Dei siste tiåra har Kina gått gjennom ekstreme endringar. Kolossal vekst, ei utruleg velstandsutvikling og sterk integrering i verdsøkonomien. Eit enkelt tal kan illustrere det; I 2014 eksporterte Kina meir på 6 timar enn landet gjorde i heile 1978, det året Deng Xiaoping kom til makta.

Kina har i lange periodar vore verdas mest avanserte og utvikla sivilisasjon. Den spesielle sjølvkjensla landet og menneska i det har, bygd på at dei veit at Kina har vore og er ein leiande økonomi og kultur globalt. I løpet av det neste hundreåret vil Kina truleg igjen overta rolla som verdas viktigaste land, og andre asiatiske land vil rykke opp der fleire europeiske statar er i dag – i gruppa rett bak dei mektigaste. Asia kan vere det nye Europa, verdsdelen som set premissa og tek dei viktigaste stega framover.

VG MENER: Norge må aldri gi fra seg muligheten til å kritisere autoritære regimer

Noreg treng ein systematisk og gjennomarbeid Kina-strategi. Den må gjennomsyre norsk samfunnsliv og politikk, ikkje berre UD og nokre bedrifter. Den bør inkludere næringsliv, kulturliv, forsking og utdanning. Den må prege rekruttering til UD og andre departement, norsk kulturell utlandsatsing, strategiske vurderingar i næringspolitikken og programma til forskingsrådet.

Økonomisk samkvem vil vere sentralt. Det er rett som Kinas ambassadør til Noreg, Wang Min, skreiv i VG i går, at våre to økonomiar er komplementære på viktige felt. Strategien må likevel orientere seg mot Kina på brei front, ikkje primært som ein marknad. Dei tette relasjonane Noreg har hatt til USA og Europa har vore bygd på tette band mellom samfunna, ikkje berre økonomisk samkvem.

Ein naturleg visjon er at Noreg er det landet i Europa som forstår Kina best. At vi har den største kunnskapsbasen og den største interessa for Kina i breidda av næringsliv, akademia, kulturliv og folk flest. Det er langt viktigare å bygge opp innsikt, enn å skaffe seg den første frihandelsavtalen.

Ein av dei mange tinga Noreg kan lære av Kina, er å tenkje langsiktig. Kinesisk politikk og administrasjon er orientert etter dei lange linjene, forbetringar generasjonar fram i tid. Noreg bør lage ein strategi som ikkje tek utgangspunkt i kortsiktige ønskje, men å bestemme oss for kvar vi vil vere fleire tiår fram i tid.

Utdanningssystemet må vere kjernen i ei Kina-satsing. Eg meiner vi bør setje oss som mål at alle større vidaregåande skular innan 2025-2030 skal tilby minst eit asiatisk språk til elevane, ikkje berre dei store europeiske språka. Dei fleste stader vil det være kinesisk (mandarin), men det gjer stor nytte om ein del nordmenn har ein basis i hindi, japansk, koreansk, Bahasa Indonesia og arabisk. Det bør også gjerast forsøk med kinesisk som tidleg framandspråk, og dei asiatiske språka må styrkast kraftig på universiteta våre.

Få flere kronikker og kommentarer: Følg VG Meninger på Facebook!

Vårt arbeid må rette seg mot heile Asia, sjølv om Kina vil bli det dominerande landet i verdsdelen i dette hundreåret. Ei rekke andre land veks fram som sentrale i verda – nesten alle med viktige (og ofte vanskelege) relasjonar til Kina. Japan er framleis verdas tredje størst økonomi, og Sør-Korea er blitt den 11. største gjennom ein rekordrask vekst. India er ei regional stormakt på veg til å bli ein sentral internasjonal politisk aktør, og ein av verdas sju største økonomiar. Pakistan vil også vere viktig i framtida, og Noreg har dei beste føresetnadar for ekstra tett dialog med landet. Indonesia er verdas fjerde mest folkerike land, det mest folkerike muslimske landet, det leiande landet i sør-austasiatiske ASEAN og truleg ein av dei fem største økonomiane i verda i 2050.

Kina-strategien må samstundes bygge på å styrke internasjonal lov og rett. Menneskerettar skal verken vere symbolpolitikk for å provosere, eller eit farleg tema vi ikkje kan ta opp. Det skal ganske enkelt vere normal politikk. Det er ein utdatert ide å sette handel og menneskerettar opp mot kvarandre. Den nordiske modellen er jo det motsette: Handel og økonomisk samkvem er bra for menneskerettar. Norske bedrifter kan bidra gjennom høge standarar, nulltoleranse mot korrupsjon og gode arbeidsvilkår. Motsett, politisk arbeid for styrke rettsstaten og etablere transparente vilkår for bedrifter er bra for bedriftene.

Les også: Bård Larsen – LO-Gerds selektive diktaturkritikk

Ei enno viktigare norsk interesse enn eit godt tilhøve til Kina, er å skape ei verd med felles spelereglar. Ein folkerett og menneskerettar som gjeld alle, og som ingen kan truge seg forbi. Dersom ein ressurssterk og vellukka småstat som Noreg lar oss presse til å endre politikk og prinsipp, så undergrev vi den verdsordenen vi sjølv har sterk interesse av.

Kina spelar ein rolle i nesten alle viktige globale prosessar som Noreg vil påverke. Etter nokre vanskelege år, er tida no komen for å bygge opp ei langsiktig satsing på og samarbeid med dette hundreårets leiande globale makt, Kina. Kanskje kan vi få ein generasjon som elskar Kina, slik generasjonar før har elska Amerika og Europa?

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Meninger

Se neste 5 fra Meninger