Hovedinnhold

Fem prinsipp for religion i nye Noreg

<p><b>NEI TIL NIQAB:</b> – Det bør ikkje vere tillete å bruke ansiktsdekkande plagg i utdannings- og opplæringssituasjonar, i skulen eller på universitetet, skriv artikkelforfattarane.</p>

NEI TIL NIQAB: – Det bør ikkje vere tillete å bruke ansiktsdekkande plagg i utdannings- og opplæringssituasjonar, i skulen eller på universitetet, skriv artikkelforfattarane.

Foto: ESPEN SJØLINGSTAD HOEN.
Vi har kjempa mot mørkemenn i kristendomen gjennom hundrevis av år her i landet. No må vi kjempe mot mørkemenn i islam.

Denne saken handler om:

Delta i debatten?

Send ditt innlegg til debatt@vg.no

eller

SMS med kodeord sidet til 2200

BÅRD VEGAR SOLHJELL, stortingsrepresentant (SV)
KETIL RAKNES, tidligere statssekretær (SV)

Ein gong var Noreg eit kristent land. No er det typisk norsk å vere ikkje-religiøs, eller sekulær. Norsk Monitor, som jamnleg målar verdiane til nordmenn, har ved fleire høve vist at ikkje-religiøsitet er blant dei verdiane som har sterkast oppslutnad i samfunnet, saman med respekt for lovene og likestilling. 

Mange har ei personleg tru, men få oppgjer at Gud er viktig i liva deira – og særs få meiner religiøse normer skal styre samfunnet.

VG MENER: Politisk spill om niqab

Sekularisme er ein sentral verdi

Sekulariseringa er eit heilt sentralt framsteg, like viktig som nedbygginga av klassesamfunnet og oppbygginga av velferdsstaten. Viktige ting vi set pris på ved det moderne Noreg, som likestilling og seksuell frigjering, er gjort mogeleg av sekulariseringa. Det har også lært oss at vi kan le av religiøse autoritetar.

<p>Bård Vegar Solhjell. </p>

Bård Vegar Solhjell. 

Foto: FRODE HANSEN, VG

Sekularisme er ein sentral norsk verdi, men med europeiske røter – i opplysningstida. Opplysningstida markerte eit brot med fortida, ved å tildele oss menneske hovudrolla i vår eiga historie, i staden for å la Gud ha den rolla. Det inneber at vi bruker fornufta for å ta stilling til rett og galt og vi legg vitskapen til grunn for desse vala. 

Difor er det også eit tett og ubryteleg samband mellom vitskapeleg tenkemåte og sekulære samfunn. Vi menneske må tru på det vi vil, men det skal ikkje prege samfunnet sine verdiar og avgjerder.

<p>Ketil Raknes.</p>

Ketil Raknes.

Les også: Ap-nei til nikab i skole og utdanning

Dette verdigrunnlaget står sterkt i landet vårt, og i nærståande land. I Noreg opplever vi kristendommen som ein tilbaketrekt religion, men det er lett å gløyme at det ikkje er norma globalt. Der ser vi at dei religiøse kreftene styrkar seg. Pew Research Center anslår at andelen av verdas folk som er ikkje-truande (ateister) går klårt ned i tiåra framover, medan andelen muslimar aukar og andelen kristne, jødar og hinduistar er stabil.

Katolisismen står sterkt i mange europeiske land og, i Russland knyter President Putin band til den ortodokse kyrkja og brukar den i sin propaganda. Israel er ein jødisk stat og i fleir-religiøse USA er det umogeleg å bli vald til eit viktig verv utan å bekjenne si tru. I februar i år fann det første «toppmøtet» mellom paven og den russisk-ortodokse patriarken stad, med publiseringa av eit felles, og religiøst konservativt, dokument som resultat.

Få flere kronikker og kommentarer: Følg VG Meninger på Facebook!

Islams utfordring

Mest urovekkande er utviklinga i islam. Den islamske vekkinga som starta med grunnlegginga av det muslimske brorskap har drive mange land dominert av islam i konservativ retning og politisert religionen kraftig. Det har også ført til sterk vekst for ytterleggåande islamisme.

Kvifor? Religion, politikk og kultur er tett forbunde i islamske land, på ein heilt anna måte enn i Vest-Europa. Det gjer ikkje meining å snakke om stat og trussamfunn som to separate størrelsar med grader av avstand. 

Tvert imot er islam ikkje berre religiøs praksis, men også for mange muslimar ei klår forventing om at politikken skal bygge på denne praksisen. Dessutan er islam, og dermed også landa, langt meir konservativ enn det sekulære Europa, men også langt meir konservativ enn rådande protestantisk og katolsk kristendom her. Medan Europa har opplevd hundreår med sekularisering, har fleire islamske land snarare opplevd det motsette; ei islamsk vekking som reaksjon mot sekulære nasjonalistar sin politikk i etterkrigstida.

Dei siste tiåra har den muslimske befolkninga i EU-området vekse til om lag 25 millionar. Dei fleste muslimane som har kome til Europa kjem frå land der islam er totalt dominerande. Det er nytt å vere del av ein liten minoritet, og nytt for Europa å ha minoriteten.

Det er forståeleg at dette fører til konfliktar. Men vår inngang er eit fleirreligiøst samfunn er mogeleg og at det kan kombinerast godt med den nordiske samfunnsmodellen.

Men det er berre mogeleg å kombinere med vår samfunnsmodell dersom visse vilkår er oppfylt. Vi må langt tøffare enn tidlegare definere desse vilkåra, og handle når dei ikkje er til stades.

Fem avgjerandre prinsipp

Vi vil difor foreslå fem prinsipp som skal sikre eit fungerande, fleirreligiøst samfunn.

1) Staten må være livssynsnøytral, og religionen tilbaketrekt i samfunnet

Staten må vere livssynsnøytral. Vi må fjerne dei siste restane av forskjellsbehandling av ulike livssyn som vi har med oss frå vår fortid som eit kristent land. Grunnlova gjer framleis forrang til kyrkja gjennom Paragraf 16: «Den norske kirke, en evangelisk-luthersk kirke, forblir Norges folkekirke og understøttes som sådan av staten».

Skulen må vere livssynsnøytral, og fri for forkynning og religiøst press. Skulefaget KRLE (med K for kristendom) må endrast. Vi skal heller ikkje etablere eigne bønnerom for eller legge til rette for religiøs aktivitet innan skuletida.

Ein sekulær stat er den einaste fungerande modellen i eit fleirreligiøst samfunn.

2) Eit norsk verdifellesskap

Noreg er tradisjonelt eit homogent land med stor likskap, men også sterke verdifellesskap og høg tillit. I eit mindre homogent Noreg, er det naudsynt med sterkare verdifellesskap enn før – og færre grupperettigheiter til ulike kulturelle grupper.

Felles verdiar bør definerast og gjelde for samfunnet sine institusjonar.

Samfunnet må klårt formulere at Noreg er eit deltakarsamfunn. I arbeidsliv, på dugnad, i idrett- og kultur. Deltakinga gjeld både kvinner og menn. Kjem evna til å delta på felles arenaer i konflikt med grupper sine krav og ønskje, bør fellesskapet stå sterkt. 

Til dømes bør det ikkje vere tillete å bruke ansiktsdekkande plagg i utdannings- og opplæringssituasjonar, i skulen eller på universitetet. Av same grunn bør vi ikkje tillate kjønnsdelt symjeundervisning. Omsynet til at gutar og jenter lærer felles i Noreg er sterkare enn ønsket til enkelte foreldre om at borna skal leve opp til strenge religiøse krav.

3) Norsk først, religiøs etterpå

Ein viktig del av verdifellesskapet er at basisen må være dei felles verdiane, og religiøsitet må kome i andre rekke i samfunnet.

Muslimske nordmenn er ein naturleg del av vår framtid, men islam må tilpassast eit felles, norsk verdigrunnlag. I boka «Norsk Islam» argumenterer Mohammed Usman Rana for å utvikle ein norsk variant av islam, i tråd med norske lover, men tru mot ei konservativ og tradisjonell lesing av Koranen.

Men å være norsk er meir enn lover. Det er eit verdisett også. Moderne norske fellesverdiar går ikkje i lag med alle konservativ kristendom eller islam sine verdiar. Den enkelte kan tru på det han eller ho vil, men det kan ikkje dominere samfunnets fellesskap.

Difor er det også naudsynt å reformere støtta til trussamfunn i Noreg. Det bør vere langt klårare krav til oppfølging av lover og verdiar for å få statsstøtte. Dette må sjølvsagt gjelde alle trussamfunn på likeverdig vis.

4) Religion er inga privatsak, om lover vert brotne eller menneske undertrykt

Enkelte ser ut til å oppfatte kritikk mot religionar, særleg minoritetsreligionar som islam, som kritikk mot minoritetar. Det er feil, og uttrykk for ei nedlatande haldning. Først når det er like naturleg å kritisere islam som det er å kritisere kristendomen, er islam ein naturleg del av det norske demokratiet.

Religionar er ikkje skjøre plantar, det er maktsystem. Ved å akseptere dei som representantar for grupper, og dempe kritikk, endar ein ofte opp med å støtte dei konservative leiarane i ein intern maktkamp, i staden for å støtte dei unge og nytenkande som sjølv vil gjere opprør mot konservative leiarar.

Dette gjeld ikkje berre lover og reglar, men også normer og verdiar. Det er ikkje akseptabelt om trussamfunn, sosiale miljø eller foreldre utøver undertrykking eller sosial kontroll mot nokon si vilje, heller ikkje om det er religiøst grunngjeve.

Eit liberalt samfunn skal vere tolerant, men toleransen må stoppe ved det intolerante.

5) Det står ikkje mellom kristendomen og islam. Det står mellom eit sekulært eller eit religiøst samfunn.

Ideen om Noreg som eit kristent land som er truga av islam er farleg. Den bygger konflikt og hat mellom menneske. Ein tolerant sekularisme, med likebehandling og stort rom for den enkeltes tru, kan binde oss saman og gje eit felles verdigrunnlag.

Norske politikarar frå alle parti kritiserer islamske leiarar som blandar religion med politikk. Då må vi unngå å politisere religion sjølv. Sylvi Listhaug ber symbolsk på eit kors i ei rekke offentlege samanhengar. Enkelte KrF-politikarar stiller opp til bøn i politiske samanhengar.

Vi vil legge felles universelle verdiar til grunn, og ikkje krevje meir av ein innvandrar enn ein som er fødd i Noreg – ikkje meir av ein muslim, enn ein kristen. Men det er naudsynt å krevje noko av alle i eit fellesskap.

Vi står overfor ei varig endring i det norske samfunnet. Noreg blir meir mangfaldig, men skal samstundes ta vare på verdiar og velferd. Det kan vi klare, dersom vi styrkar verdifellesskapa og sørgjer for at statens institusjonar er livssynsnøytrale. 

Det er eit politisk prosjekt som vil møte motstand i ulike typar konservative miljø, men det er uhyre viktig i tiåra vi går inn i.

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Meninger

Se neste 5 fra Meninger