Hovedinnhold

Harald den siste av Noreg

REPUBLIKK: Den største tenesta kong Harald kunne gjort oss når vi no skal feire grunnlovsåret 2014, er å seie at 200 år med monarki får halde, skriv Sveiunung Rotevatn. Foto: TERJE MORTENSEN.
REPUBLIKK: Den største tenesta kong Harald kunne gjort oss når vi no skal feire grunnlovsåret 2014, er å seie at 200 år med monarki får halde, skriv Sveiunung Rotevatn. Foto: TERJE MORTENSEN.
93 prosent av alle nordmenn meiner kong Harald gjer ein god jobb. Eg er blant dei. Samstundes meiner i underkant 20 prosent av alle nordmenn at vi bør innføre republikk. Eg er blant dei også.

Delta i debatten?

Send ditt innlegg til debatt@vg.no

eller

SMS med kodeord sidet til 2200

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant (V)

Oppslutnaden rundt kongehuset går sjølvsagt noko opp og ned. Men det er ingen tvil om at eit fleirtal ønskjer monarki i Noreg. Rett nok var det sterke krefter som meinte at Noreg ved frigjeringa frå Sverige i 1905 burde bli republikk. Men slik den maktpolitiske situasjonen var for ein ung nasjon i eit uroleg Europa på den tida, var det tvingande nødvendig å sikre seg alliansar med andre land - framfor alle Storbritannia. Noko vi gjorde ved at den britiske prinsesse Maud vart til dronning Maud av Noreg.

Ikkje-demokratisk

I dag er det i alle fall ingen tvil om at posisjonen til dronning Mauds barneborn er sterk. Eg nemner dette fordi det berande og dominerande argumentet for monarkiet synest å vere at institusjonen har stor folkeleg støtte. Det er i alle fall det argumentet dei fleste politikarar og andre synsarar lenar seg på i ulike offentlege debattar om temaet, sjølv om dei fleste medgir at «prinsipielt» er monarki ei avleggs styreform.

Føresetnadsvis ville altså desse stemmene vore mot monarkiet som styreform dersom det ikkje hadde stor folkeleg støtte. «Prinsippet» som skal liggje til grunn for styringa av samfunnet er altså å følgje den rådande folkemeininga. Det kan vel i og for seg også kallast ei prinsipiell tilnærming, kanskje best oppsummert av den franske politikaren Alexandre Auguste Ledru-Rollin (1807-1874): «There go my people. I must find out where they are going so I can lead them.»

At monarkiet ikkje har eit demokratisk mandat (med mindre du var mann og over 25 år i 1905), er langt frå det einaste problemet. Monarkiet står også i direkte motstrid med ei rekkje andre viktige prinsipp, som dei fleste vanlegvis set høgt. Det står i motstrid med prinsippet om religionsfridom («Kongen skal stedse bekjende sig til den evangelisk-lutherske Religion», jf. Grl. § 4), det står i motstrid med prinsippet om likskap for lova («Kongens Person er hellig; han kan ikke lastes, eller anklages», jf. Grl. § 5), prinsippet om ytringsfridom («Forøves nogen Ærekrenkelse mod Kongen eller Regenten, straffes den skyldige med Hefte eller Fængsel indtil 5 Aar.», jf. strl. § 101) og prinsippet om å kunne gifte seg med den ein vil («En til Norges Krone arveberettiget Prinsesse eller Prins maa ei gifte sig uden Kongens Tilladelse», jf. Grl. § 36).

Utdatert i 1905

Så kan ein sjølvsagt innvende at alt dette er formalitetar. Til dette er det for det første å seie at noko kan vere prinsipielt galt utan å ha stor praktisk betydning. For det andre meiner eg faktisk det er etisk tvilsamt, både prinsipielt og i praksis, at fleirtalet i eit samfunn skal påleggje ei 10 år gamal jente å bli dronning, med alt personfokuset det fører med seg. Prinsesse Ingrid Alexandra kan aldri stille til val for eit politisk parti, bli ateist eller for den saks skuld flytte inn på Blitz-huset. Ho kan faktisk gjere fint lite med livet sitt, anna enn det vi som storsamfunn har pålagt ho å gjere - heilt frå ho kom til verda 21. januar 2004. Kva veit vi eigentleg om hennar ønskje om å bli regent? Er ho kvalifisert? Meir kvalifisert enn dei 56.950 andre borna som vart fødde i 2004?

Då Michelsen-regjeringa i 1905, mot alle internasjonale trendar, tilrådde etableringa av eit norsk monarki, gjekk seinare statsminister Gunnar Knudsen (V) ut av regjeringa i protest. Han kunne ikkje godta at ei regjering i eit moderne demokrati kunne finne på å gå inn for at posisjonen som statsoverhovud skulle gå i arv.

Sveinung Rotevatn.
Sveinung Rotevatn.

Så har det då heller ikkje blitt etablert spesielt mange monarki i verda sidan den gong. Eller for å sitere kong Farouk I av Egypt (1920-1965): «Soon there will be only five Kings left - the King of Spades, the King of Clubs, the King of Hearts, the King of Diamonds and the King of England».

Den siste konge

Like fullt har vi framleis ein King of Norway - i 2014. Her diskuterer vi ikkje kven som er dei beste kandidatane til å vere våre fremste representantar. Her diskuterer vi rett og slett kor vidt dei skal veljast av oss eller ikkje. Det burde ikkje vere eit vanskeleg spørsmål.

Eg tvilar ikkje på at kong Harald er glad i landet sitt. Landet vårt. Og den største tenesta han kunne gjort oss når vi no skal feire grunnlovsåret 2014, er å seie at 200 år med monarki får halde. At han blir den siste som er «konge av Guds nåde», og at framtidige statsoverhovud får stille til val og be om folkets nåde i staden. Om kronprins Haakon stiller til val, skal eg til og med vurdere å stemme på han.

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Meninger

Se neste 5 fra Meninger