Hovedinnhold

Sveinung sin kamp mot sperregrensa kan avgjere stortingsvalet

SKJEBNEVAL: Nynorskforkjemparen og twitter-brukaren Sveinung Rotevatn (30) frå Venstre deler ut gratis dansktappa «Rotevatn» til kundar som hastar forbi standen hans ved Coop Extra i Førde.

SKJEBNEVAL: Nynorskforkjemparen og twitter-brukaren Sveinung Rotevatn (30) frå Venstre deler ut gratis dansktappa «Rotevatn» til kundar som hastar forbi standen hans ved Coop Extra i Førde.

Foto: Harald Henden, VG
FØRDE/EID (VG) Sveinung Rotevatn (V) kjempar for sitt politiske liv. Taper han og Venstre, kan det vere slutten på regjeringa til Erna Solberg.

Denne saken handler om:

Dette er sperregrensa:

Stortinget har 169 representantar. 150 av desse er distriktsmandat, kor ein vinn direkte mandat i kvart fylke.

Om eit parti kjem over 4 prosent oppslutnad får ein tilgang til utjamningsmandat. Dette er sperregrensa.

For småparti er det avgjerande for å få ei stor gruppe på Stortinget.

Kven som vinn utjamningsmandata blir rekna ut frå kor mange stemmer ein har til overs i kvart enkelt fylke. Mandatet går til partiet som var nærast å ta eit distriktsmandat utan å gjere det.

InFact si siste måling for VG viser ei knapp leiing til Team Jonas. Andre målingar har Team Erna i tet.

Skjebnen til Venstre og dei andre småpartia kan avgjere kampen om regjeringsmakt.

VG-spesial: Alt om valet!

– Dersom vi ikkje klarer dette er det forferdeleg kjipt. Det er trist for Norge, men sjølvsagt også for Venstre, seier Rotevatn (30).

Sidan starten av 2016 har Venstre vore under sperregrensa i 14 av 21 målingar i VG. Om det blir resultatet, vil nær heile stortingsgruppa til partiet forsvinne.

På heimebane

På Coop Extra i Førde kjempar Rotevatn for Venstre og sin eigen plass på Stortinget.

– Eg trur alle land har godt av å ha eit liberalt parti i nasjonalforsamlinga si, og vi har ei spesiell rolle, seier han.

Les meir: Venstre under sperregrensa på ny VG-måling

Ein lokal Venstre-mann har rigga stand med gratis eple og nonstop. Sveinung hankar inn kundar som hastar forbi. I lett overskya sommarvêr går praten lett.

Ein kar som stoppar har sterke meiningar om bilavgifter. Ei anna, i blå jakke, seier ho skal stemme noko anna. Men Sveinung trur eit par kan vere Venstre-veljarar, sjølv midt her i Sp-land. Han treng alle han kan få.

SP-LAND: Sveinung Rotevatn driv valkamp i eit av fylka der Senterpartiet har sin høgaste oppslutnad lokalt.

SP-LAND: Sveinung Rotevatn driv valkamp i eit av fylka der Senterpartiet har sin høgaste oppslutnad lokalt.

Foto: Harald Henden, VG

Kriseår for Venstre

Tøft år for Venstre-Trine:

Partileiar Trine Skei Grande (47) gjer alt for å kome over sperregrensa, men meiner at det ikkje vil vere ein revansje for henne personleg eller partiet om dei klarer brasane.

– Eg tenkjer ikkje slik. Vi er opptekne av å gjere eit best mogleg val, slik at dyktige politikarar som Sveinung kan halde fram med å gjere ein jobb for Norge. Utan Sveinung sin arbeidskapasitet hadde både Norge og Venstre mista ein solid ressurs, seier Skei Grande.

Valkampen er mykje meir enn partileiarduellar på TV og krangel på Twitter og Facebook. Tusenvis brukar fritida si på å kjempe for partiet dei trur på, i medgang og motgang.

For folk i Venstre har det siste året bydd på mest av det siste med lave målingar, «Krise-Trine», budsjettbråk og samarbeidet med Sylvi Listhaug (Frp).

VG er med på innsida før Rotevatn skal motivere partifellar i Nordfjord. For korleis forsvarer liberale venstrefolk på stand utanfor Coopen at Rotevatn og partiet har vore garantist for jobben til Frps innvandringsminister?

– Først og fremst er ho ein pratmakar, som ikkje får gjennomført politikk, seier han.

– Så er det også mange nissar med på lasset hos Jonas også. Mange i Venstre er ikkje komfortable med Frp, men eg veit ikkje kor komfortable dei er med eit svekka Ap, sjølvsikkert Sp, stort SV og Raudt på vippen, seier han.

MOTIVATOR: På kommunehuset i Eid kommune held Sveinung Rotevatn ein appell til frivillege som skal ut i kampen for Venstre. Han svarer på spørsmål, blant anna om formuesskatt og Sylvi Listhaug.

MOTIVATOR: På kommunehuset i Eid kommune held Sveinung Rotevatn ein appell til frivillege som skal ut i kampen for Venstre. Han svarer på spørsmål, blant anna om formuesskatt og Sylvi Listhaug.

Foto: Harald Henden, VG

Livet i eit heisparti

På 2000-talet har Venstre vore under sperregrensa ved annakvart val.

VG si måling frå Sogn og Fjordane gav Venstre 5,1 prosent, ned 1,2 prosentpoeng frå valet i 2013. Nasjonalt låg dei på siste VG-måling på 5,2 prosent – litt over sperregrensa.

Rotevatn må ha Venstre over 4 prosent nasjonalt og gjere det godt i fylket.

– Er det ein ting Venstre-folk veit, så er det at det finst eit liv etter døden. Eg brukar å trøyste våre vener i SV og KrF når dei er nær sperregrensa, at ein kan kome under i eitt val og likevel komme over neste gang, ler Rotevatn.

– Er Venstre litt som Sogndal: Opp og ned, og ganske nøgd med det?

– Vi har jo vore Sogndal i norsk politikk. Men det ser ut til at Sogndal klarer seg i eliteserien i fotball i år. Eg håper det lovar godt for Venstre også, seier han.

LOKAL-TV: NRK Sogn og Fjordane si utspørjing av stortingskandidatar er ei stor politisk hending lokalt i fylket. Her er Sveinung i djup konsentrasjon rett før han skal inn.

LOKAL-TV: NRK Sogn og Fjordane si utspørjing av stortingskandidatar er ei stor politisk hending lokalt i fylket. Her er Sveinung i djup konsentrasjon rett før han skal inn.

Foto: Harald Henden, VG

Mot Oslo-makta

I Sogn og Fjordane har Sp fossa fram på meiningsmålingane.

Ute blant folk her er det ikkje talet på kor mange gongar du har vore i Dagsnytt 18 hos NRK i Oslo eller kor mange twitter-følgjarar du har som gjeld.

–Arbeidsplassar, arbeidsplassar, arbeidsplassar, messar Rotevatn.

Artikkelen held fram under biletet.

VESTLANDET: Rotevatn seier på ferja at politikarane som snakka om vaflar i debatten om norske verdiar tok feil. Det er svele som gjeld, ifølgje Venstre-politikaren.

VESTLANDET: Rotevatn seier på ferja at politikarane som snakka om vaflar i debatten om norske verdiar tok feil. Det er svele som gjeld, ifølgje Venstre-politikaren.

Foto: Harald Henden, VG

Han dreg fram flyttinga av statlege arbeidsplassar, Stad skipstunnel og Nasjonal transportplan (NTP) som viktige sigrar han kan ta med seg heim på stand og ut til folk når han bankar på dører i distriktsfylket lengst i vest.

– Eg blir rørt når eg ser folk som brukar all fritida si på dette, seier Rotevatn.

– I innspurten er eg sliten, men motivert. Når vallokalet stenger kan eg endeleg legge meg ned og ikkje vakne på ei stund, seier han

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Innenriks

Se neste 5 fra Innenriks