Hovedinnhold

Prinsesseskule utan nynorsk: – Uheldig at Ingrid Alexandra blir friteken

<p>PÅ SKI MED FARMOR: Prinsesse Ingrid Alexandra gjekk først då ho og farmor dronning Sonja tok seg ein skitur på slottsplassen under 25-markeringa for kongeparet i januar.</p>

PÅ SKI MED FARMOR: Prinsesse Ingrid Alexandra gjekk først då ho og farmor dronning Sonja tok seg ein skitur på slottsplassen under 25-markeringa for kongeparet i januar.

Foto: Berit Roald, NTB scanpix
Prinsesse Ingrid Alexandra sin privatskule stadfestar no at skulen ikkje har sidemål i norskfaget. Leiar Marit Tennø i Mållaget meiner det er heilt bak mål.

Denne saken handler om:

– Reint symbolsk er det uheldig at tronarvingen er friteken frå å lære nynorsk. At elevane som går på ein slags eliteskule berre får opplæring i det eine av dei to norske språka, gjev dei mangelfull norsk-kompetanse, seier leiar Marit Tennø i Noregs Mållag til VG.

Les også: Opnar Ungdoms-OL på Lillehammer

Ho likar særs dårleg at prinsesse Ingrid Alexandra og dei andre norske elevane ikkje får opplæring i nynorsk i privatskulen ho går på i Bærum.

Har du lese denneFlagga ikkje då prinsessa fylte 12 år

I tillegg har regjeringa kutta i tilskotet til undervising i norsk for internasjonale skular, stadfestar politisk rådgjevar Magnus Thue i Kunnskapsdepartementet. Dette råkar Oslo International School (OIS) med 1,5 millionar kroner i årleg kutt.

<p>FARGERIK SKULE: Elevar frå over 50 nasjonar er representerte på Oslo International School. Ein av dei er prinsesse Ingrid Alexandra (12).</p>

FARGERIK SKULE: Elevar frå over 50 nasjonar er representerte på Oslo International School. Ein av dei er prinsesse Ingrid Alexandra (12).

Foto: Jan Petter Lynau, VG

– Dette er skular som blir drivne utan statleg finansiering, og vi meiner det ikkje bør løyvast ekstra tilskot til ei opplæring som skulen etter opplæringslova er pålagt å gje tilbod om, seier Thue.

 Tok borna ut av den offentlege skulen

Rektor Janecke Aarnæs på Oslo International School stadfestar no at skulen ikkje underviser i sidemål  - etter at ho tidlegare har fått kritikk for ikkje å gje tydelege svar på dette.

– Sidemål lite relevant

– Nei, vi tilbyr ikkje sidemål. Det er vi fritekne for. Av di vi ligg på Austlandet, er det naturleg at bokmål er hovudmål. Dei fleste av elevane våre har eit anna hovudmål enn norsk, så det seier seg sjølv at sidemål ikkje er svært relevant for dei fleste, seier Aarnæs til VG.

<p>MØTTE REKTOR: Prinsesse Ingrid Alexandra tok rektor Janecke Aarnæs i handa då ho byrja på privatskulen i Bærum.</p>

MØTTE REKTOR: Prinsesse Ingrid Alexandra tok rektor Janecke Aarnæs i handa då ho byrja på privatskulen i Bærum.

Foto: Lise Åserud, NTB scanpix

Ettersom engelsk er definert som hovudspråket på skulen, er norsk framandspråk.

Rektoren understrekar at OIS er ein internasjonal skule som tilbyr eit tøft akademisk utdanningsprogram på særs høgt internasjonalt nivå der all undervising føregår på engelsk.

–  OIS er følgjeleg ikkje ein skule som bør samanliknast med den offentlege skulen i Noreg der norsk er undervisingsspråket og sidemål ein naturleg del av opplæringstilbodet, seier Aarnæs.

Las dikt på nynorsk

Leiar Tennø i Mållaget tykkjer det er dumt at dei norske elevane på skulen får kompetanse i berre det eine av dei to norske språka. 

Som mange andre nordmenn såg ho nyleg prinsesse Ingrid Alexandra lese eit Haldis Moren Vesaas-dikt på nynorsk under kongeparet sitt 25-års jubileum.

Syner ikkje det at ein kan tileigne seg nynorsk utan at det er på læreplanen i norsk?

– Sjølvsagt kan ein tileigne seg nynorsk kompetanse utanfor skulen. Men nynorsk-læring er ikkje eit fritt val for kvar einskild. Difor er det eit krav at alle skular tilbyr nynorsk som ein del av norskfaget, svarar Tennø.

<p>NYNORSK-TILHENGJAR: Leiar Marit Tennø i Noregs Mållag.</p>

NYNORSK-TILHENGJAR: Leiar Marit Tennø i Noregs Mållag.

Foto: Privat

Sjå video: Prinsessa las dikt på nynorsk for bestefar

Det vekte sterke reaksjonar då prinsesse Ingrid Alexandra sine foreldre, kronprins Haakon og kronprinsesse Mette Marit, valde å flytte henne frå den offentlige nærskulen Jansløkka skule ved Skaugum i Asker, til private Oslo International School på Bekkestua i Bærum.

Foreldra forklara skulebytet med behovet for å meistre engelsk flytande og få ei internasjonal tilnærming til oppgåvene hennar. Kronprinsfamilien er ikkje redd for at Ingrid Alexandra går glipp av verdfull norsk-kompetanse.

– Foreldra syter for at ho får naudsynt opplæring i nynorsk, skriv kommunikasjonssjef i kongehuset, Marianne Hagen i ein epost til VG.

Frå før er det kjend at prinsessa deltek i ei lesegruppe med tidligare kabinettsekretær Berit Tversland. Her tek ein føre seg tekstar på både nynorsk og bokmål.

Rektor Aarnæs seier privatskulen oppmodar elevane om å skaffe seg lærdom også utanfrå.

– Det er foreldra og elevane sitt eige val å søkje læring i fag eller språk som det ikkje er tilbod om på skulen. Vi har elevar frå heile verda med ulike nasjonale behov. Desse kan ikkje utan vidare dekkast med læretilvbodet på OIS. Læring går føre seg på mange arenaer, ikkje berre i skulen. Dette freistar vi oppmuntre alle til å etterleve, seier Aarnæs.

PS! I denne saken har vi valgt å vise frem reporter Frank Ertesvågs nynorsk-kompetanse, selv om VG vanligvis skriver bokmål.

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Øyvind Solstad

Har du en mening om denne saken? Vi løfter ofte opp de beste kommentarene! Du må bruke ditt egentlige navn, vær saklig, respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.
Vennlig hilsen Øyvind Solstad, ansv. for brukerinvolvering og sosiale medier i VG.
Les mer om vår moderering

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene